Næringsliv | 18. juni 2020

Os sentrum blir ommøblert

Stenger parkeringsplassar i dag og for gjennomkøyring frå fredag.

Os sentrum blir ommøblert
Blomsterkassar blir i dag flytta for å laga gågate på Øyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juni 2020 09:39

Osdagane blir i år erstatta av «Sommargata» frå fredag 19. til laurdag 27. juni.

– I år blir det ingen tilreisande utstillarar, men ein del butikkar har sommarsal og flyttar delar av utstillinga si ut.

– Sommargata er ikkje eit arrangement, men ei gågate med ulike kulturinnslag, fortel Fjordfolk, som er arrangør for Os Sentrumsforening.

Om lag sånn skal sentrum stengast av. (Kart: Bjørnafjorden kommune/Fjordfolk)
Om lag sånn skal sentrum stengast av. (Kart: Bjørnafjorden kommune/Fjordfolk)

Gågata blir mellom Havnechefen, Oshjørnet og bankbygget - og denne delen av Øyro blir stengt for gjennomkøyring frå klokka 9 til 17 desse dagane.

Førebuande arbeid starta i dag, og fleire parkeringsplassar er no erstatta av område for gåande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.