Os Taxi tar tjuveri med eit smil
– Vi forstår at det kanskje var vittig der og då, men kom tilbake med mikrofonen, så skal du få is.


Natt til laurdag har Os Taxi blitt utsett for tjuveri frå drosjebua. Ein sjåfør gløymde å låsa drosjebua, og nokon har vore inne og stole mikrofonen til sentralen sitt radiosamband.
– Det er ikkje krise, vi kan bruka eit mobilt samband i mellomtida. Men vi skulle gjerne hatt mikrofonen tilbake, seier Øyvind Hellebø frå Os Taxi.
Han la tidlegare i dag ut ei munter melding på Facebook-sida «Oppslagstavlo i Os».
Der står det blant anna:
Hvis det er en noen som våkner i dag med en mikrofon med ledning i jakkelommen, men ikke oppnår kontakt med noen i andre enden, kan vi opplyse om at dessverre trengs hele radioapparatet for det
Vi regner med at vi har større nytte av mikrofonen enn noen andre, og blir veldig glad dersom vi kan få denne tilbake igjen i løpet av helgen.
Os Taxi lover dessutan ein is som finnarlønn.
Den sakna mikrofonen ser omtrent sånn ut:

– Har tilsvarande skjedd før?
– Ja, men ikkje ofte. Ein gong forsvann heile sambandet, ein annan gong forsvann ein mikrobølgeomn. Også då har vi oppmoda om tilbakelevering, og fekk utstyret tilbake. Vi håper det same skjer no.
– Trur du at ein fyllasjuk tjuv vil koma tilbake og sjå dykk i augo?
– Det har skjedd før. Vi kjem uansett ikkje til å melda det til politiet eller å nekta vedkomande transport i framtida. Vi køyrer på mange folk i festleg stemning, og forstår at folk kan gjera ting dei angrar på.
– Alternativt kan vedkomande levera anonymt, legga den i ein pose utanfor døra. Ingen av oss skal løpa etter vedkomande. Eller dei kan få ein ven til å levera den. Men då er det vedkomande som får is, seier Øyvind.