Samferdsle | 08. juli 2022

Os vgs får sjanse til å utdanna 12 ekstra bussjåførar i året

– Behovet er stort!

Os vgs får sjanse til å utdanna 12 ekstra bussjåførar i året
Ein av bussane til Os vgs. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. juli 2022 07:15

Vestland fylkeskommune ønskjer å utdanna fleire bussjåførar, og aukar kapasiteten på Os vidaregåande skule.

– Vestland fylkeskommune har fått sjansen til å engasjera ein ekstra lærar på bussjåførutdanninga ved Os vgs. Då kan vi utdanna 12 ekstra sjåførar per år, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Trygg skuleskyss

Bussjåførutdanninga på Os vgs. er del av Vg3 yrkessjåfør. Dette er ei landslinje der elevar frå heile Noreg kan søke.

Dei 12 plassane er forbehalde vaksne elevar.

– Dyktige bussjåførar er viktige for å sikra trygg skuleskyss i fylket. Samtidig er det å ha nok bussjåførar viktig i eit klimaperspektiv.

– Vi håpar at dette kan vere med å bidra til å løysa kapasitetsproblema i næringa, seier Torvanger og oppmodar alle som er interessert i å bli bussjåfør om å søke.

Ei utdanning på 19 veker

– Signala frå næringa er sterke, og vi er derfor svært glade for å kunna justere tilbodet vårt etter deira behov. Grunnen til at vi no kan auka kapasiteten er mellom anna at vi har to bussar som vi kan bruka i opplæringa, seier rektor Jan Kåre Greve på Os vgs.

Håkon Grindheim Koldal (t.v.) var lynrask med kjettingane. Simon «Kent-Simon» Kleiveland tok tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg«Kent-Simon» sjekka tempoet på sjåførane

Skulen arrangerer fire kurs i året, kvart av dei på 19 veker. Kapasiteten på desse kan no aukast frå 12 til 15 elevar.

Den nye stillinga skal vere på plass i haust og kapasitetsauken på utdanninga vil vere klar frå nyttår 2023.

Vanskeleg å rekruttera

Behovet er stort. NHO Transport Vestland sine medlemsbedrifter opplever aukande problem med å rekruttera kvalifiserte bussjåførar.

Dette gjeld både til heil- og deltidsstillingar, men også tilkallingsvikarar som bidrar til å drifte kollektivtilbudet året rundt.

(Foto: Tide)
Les ògTide trapper opp

Med få geografiske unntak blir utfordringa opplevd som universell i bransjen.

Samtidig er gjennomsnittsalderen for bussjåførar i dag høg, og store kull nærmar seg pensjonsalder. Det er dessutan få unge sjåførar på veg inn i bransjen og arbeidsledigheita i Norge er rekordlåg.

Situasjonen gjer at NHO Transport, transportbransjen og fylkeskommunen må finna gode løysingar saman, skriv Vestland fylkeskommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.