Meining | 04. okt. 2023

Oseana sin verdi i bygda

DEBATT: Det er mi tru at kunst og kultur gjer oss til betre folk, den utviklar kjenslene og det emosjonelle i oss.

Oseana sin verdi i bygda
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. okt. 2023 11:10

I helga som var arrangerte Oseana kunstomvising, kunstnarsamtale, det blei arrangert Internasjonal fest i lag med kommunen i foajeen og ikkje minst bygderock med Vassendgutane i salen på fredagskvelden.

Eit mangfaldig program i tillegg til Griegsamlingen og moglegheiten for deilig mat i Oseana kafe og restaurant. Sånn skal det vere!

Det er mi tru at kunst og kultur gjer oss til betre folk, den utviklar kjenslene og det emosjonelle i oss. I tillegg er det kjekt! Kultur er noko som gjev oss felles retning og sveiser oss saman.

Ein sterk kultursektor bidrar til å byggje felles identitet og samhald i kommunen vår. Med pandemi og isolasjon friskt i minnet vil jeg løfte frem viktigheten av kulturen sin eigenart i ei tid kor vi treng å løfte blikket og sjå over dei mørke økonomiske skyene.

Kulturnæringa bidrar til felles tankesett, men også til sysselsetting og vekst, fordi slike tenester og fritidstilbod er viktige verdiar når folk gjer val om kor dei skal etablere seg.

Å sjå på kva ringvirkningar eit rikt kulturliv bidrar med er interessant.

Til dømes heng reiselivsnæringa tett saman med kulturnæringa. Folk reiser ikkje for å reise, men for å oppleva.

Eg vil òg få oppmode næringslivet i kommunen til å bruke oss. Legg dagsmøte og konferanser til Oseana, gjerne i kombinasjon med opplevingar i Griegsamlinga. Inviter gjestane dykkar til å oppleve noko av det beste kommunen har å by på. Her kan vi gjere hverandre gode!

Eit kulturhus skal vere ein stad der menneske finn saman. Vi oppheld oss mykje på skule, jobb og heime. Den tredje staden vi oppheld oss er gjerne på aktivitetar, kafear, konsertar eller anna. Livet blir rikare om vi har gode møtestader der vi kan ha gode samtalar og refleksjon i fellesskap. Oseana ønskjer å være ein slik møtestad.

Oseana er 12 år i 2023.

Huset er etter kvart blitt ein integrert del av kulturtilbodet i kommunen. Tenåringane dykkar har alltid hatt Oseana i bygda.

Bjørnafjorden Kulturskule, med sine mange håpefulle har betre konsertsal enn dei fleste, til dømes Bergen! Når unge dansarar eller skulemusikantar øver og øver til framsyning, kan dei gle seg over å stå på same profesjonelle scene som Aurora, Bjørn Eidsvåg, Kari Bremnes, Dagfinn Lyngbø eller andre kjende namn. Dette er unikt og ofte ei stor oppleving for små og store kulturspirer.

«De profesjonelle rammene Oseana tilbyr er av stor betydning for talentutviklingen i Bjørnafjorden kommune» Patricia Langeland – Dansepedagog i kulturskulen og leder for Varga Dansekompani.

Vi har også ei integrert kunstsamling i huset som er nasjonalt anerkjend. Denne får alle skuleborn oppleve gjennom skuleprosjektet Friskunst. Friskunst er eit samarbeid mellom grunnskule, Oseana og pedagogane i kulturskulen som saman bidrar til å løfte kunnskapen om musikk og biletkunst hos elevane. I 2022 fikk alle 9. klassingane egen konsert med Jarle Bernhoft!

Vår viktigaste oppgåve er å sørgje for at de som bur i Bjørnafjorden får oppleve og ta del i gode kunst- og kulturopplevingar, både med nasjonale og lokale aktørar.

Vi har eit høgt aktivitetsnivå og samstundes ein filosofi om å utnytte innhaldet i huset på flest mogleg område - skulekonsertar, ulike arrangement for eldre, digital overføring til sjukeheimar, eigne prosjekt for dei som har demens, verkstader for barn, og kunstklubb, for å nemne noko.

Fellesnemnaren er at slike prosjekt treff djupare hos dei som deltar og ynskjeleg bidrar til at kvar enkelt får meir utbytte.

Eg har sjølv sett korleis musikk og kunst kan gjera ein forskjell for menneske med demensdiagnose, det er nesten ikkje til å tru!

At vi har ein profesjonell stab på huset, og har hatt gode økonomiske samarbeidspartnarar, har gjort at vi har fått til desse samarbeidsprosjekta innanfor dei eksisterande økonomiske rammene.

Bjørnafjorden kommune er no i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og vi blir alle oppmoda om å brette opp ermene og førebu oss på trongare tider.

Akkurat som resten av kommunen, har Oseana blitt råka av nedskjeringar.

Dette bidrar til at vi må tena meir pengar andre stader, bli meir kommersielle i programprofilen og at enkelte av desse tilbodene kan forsvinne. Samtidig er det viktig for oss å halde fast ved identiteten og mandatet vårt.

Oppsummeringa blir at det økonomiske fundamentet vi får fra Bjørnafjorden kommune legg grunnlaget for at Oseana kan tilby eit rikt og breitt kulturtilbod til flest mogleg.

Velkomen til Oseana, ditt kulturhus!

Ole Tobias Lindeberg
Direktør, Oseana Kunst og Kultursenter

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.