Kultur | 12. nov. 2013

Osfest slepp første band

Med denne "dokumentarfilmen" slepp Osfest første band til festivalen i august 2014.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. nov. 2013 20:45

VIDEO: Her ser du videoen der spesielt lensmann og sogneprest er meir sporty og førebudd enn kva ein kanskje skulle venta av folk i desse rollene.

I august blei det kjent at ein ny festival blir starta i Os, Osfest ser dagens lys fredag 1. august 2014.

I kveld, tysdag 12. november, slepp arrangørane første namn, og sleppet blir gjennomført i form av ein eigenprodusert video, der arrangørane spør ordførar, lensmann og prest - før ein kunstnar røper namnet på bandet.

– Ja, det stemmer at vi har booka Dumdum Boys, seier Ole Reinert Berg-Olsen, til Midtsiden.

Videoen blei først publisert på Osfest si facebook-side.

– Eg meiner dei er Noregs feitaste liveband og er veldig nøgd med at vi får dei til å avslutta vår første festival.

5 + 5 band, minst

Dumdum Boys går på scenen på grusbanen ved Os ungdomsskule som siste band ut laurdag 2. august neste år.

Arrangørane har plan om å booka rundt fem band per kveld, fredag og laurdag under festivalen. I tillegg blir det livemusikk om bord på MS Midthordland og på enkelte andre eksterne scenar.

– Vi kjem nok til å sleppa eitt til to band til før jul, spår ORBO.

Sprek prest og lensmann

I kveld blei også dei første festivalpassa lagt ut for sal, til noko rabattert pris.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.