Osing lanserer nytt båtmerke
Bjørn Askvik og Askvik Maritim AS har etablert eigen fabrikk. Før jul blir dei to første båtane lansert.
Tidlegare i år starta den erfarne båtseljaren Bjørn Askvik ny butikk der han i år har hatt godt sal av småbåtar som River og Vernøy, Tohatsu påhengsmotorar og nokre større fritidsbåtar av merket Nordic Oceancraft.
– Frå mars til no har eg selt rundt 70 båtar. Det har gått betre enn venta, seier Askvik.
No har han tatt eit steg opp og etablert produksjon av sitt eige merke.
– Eg har lenge hatt ein draum om å laga mine eigne båtar, og no hadde eg sjansen.
Overtok erfaren fabrikk i Polen
God drift av ny butikk og eit breitt kontaktnett gav rom for å starta ei ny produksjonlinje på ein polsk fabrikk med fleire års erfaring med produksjon av andre norske båtmerke.
– Fabrikken blei ledig og eg har leigd heile, med bemanning, og starta selskapet Askvik Maritim Polska. I tillegg har eg starta importfirmaet Askvik AS.
Kvar veke i haust har han pendla til Polen for å utvikla det nye båtmerket Askvik.
Startar med to opne båtar
Produksjonen av prototypane på dei første modellane er i gang. I går kom Bjørn heim frå Ostroda i Polen etter å ha vore og valt ut stolar og puter til den aller første båten av det nye merket, 18 fot lange Askvik 545 SUV.
– Den første båten er 18 fot, med midtkonsoll, tre sete bak midtkonsollen og tre sete framfor. Eg håper på å få den godkjent for 115 hestekrefter.
Den neste båten blir 14 fot. Prototypar av begge kjem til Noreg før jul. Bjørn skildrar båtane som gode og rimelege allbruksbåtar, for både hobbyfiske og strandhogg med familien.
– Det blir mykje båt for pengane og det blir fine og praktiske båtar i litt røff utforming. Den første båten byrjar å ta form og vi er veldig nøgd så langt, seier han.