Korona | 28. aug. 2021

Over 30 i karantene

Ein elev i 10. trinn har fått påvist covid-19.

Over 30 i karantene
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. aug. 2021 06:47

Fredag i 22-tida fekk fleire foreldre med elev på Os ungdomsskule melding frå skulen.

Ein elev på 10. trinn har fått påvist covid-19, og fleire elevar og lærarar må i karantene.

– Alle som er nærkontaktar har fått beskjed, alle andre skal gå på skulen som normalt, skriv rektor Kjersti Wolden.

Bjørnafjorden kommune omtaler saka på heimesida .

Eit tredvetals elevar og tre lærarar på trinnet er i karantene. Smittevegen er kjend, og frå ein annan kommune.

Elevane har fått beskjed om å testa seg å snart som mogleg, og på nytt 1. september, som er dag 7 for smitteeksponeringa.

Ved negativ test på dag 7, kan elevane gå ut av karantenen.

Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemmer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.