Øya-Erik var på tur utan mat - så fekk han denne
Erik Walden skulle mimra litt, og blei svolten. Men fangsten han fekk ville han ikkje eta.
Bildeserie:
I vinter kunne vi sjå Erik Walden stå fram som den som klarte seg kanskje aller best på ein realistisk Robinson-ekspedisjon. På TV2-serien «Øya» viste brannmannen frå Os både kløkt, kunnskap og evne til å halda motet oppe utan mat på ei øde øy i Stillehavet.
No ser det eksotiske ut til å følgja mannen med far frå Sør-Amerika, også to og eit halvt år etter innspelinga vest for Panama.
– Eg har hatt nokre turar i telt her heime, utan å ta med meg mat, litt for å mimra. Eg saknar ikkje det å vera svolten, men eg saknar det å vera mykje ute, og det å måtta sanka og fanga sin eigen mat, seier Erik til Midtsiden.
Frå laurdag til søndag overnatta han i telt på Kuskjæret ved Ervikane. En av dei tre små fiskane han fekk er ein framand art.
– Prøvde å halda han i live
Erik hadde med seg garn som han sette ut nær teltplassen.
Søndag morgon fekk han ein art som i utgangspunktet høyrer heime i Indiahavet, Stillehavet og Middelhavet, som som òg lever i Atlanterhavet, og som etterkvart har blitt vanleg å få i Noreg nord til Trøndelag.
– Eg las at den fort dør i fangenskap, og at den kan bli 90 cm stor. Den skal vera god å eta, men dennne var liten, så eg ville heller sleppa den uti. Men då eg gjekk ned i båten og sjekka stampen med vatn, var den allereie død.
Det er ikkje første gong Walden får eksotisk fisk ved Kuskjæret, for seks år sidan fekk han og sonane middelhavsarten Multe.
I 2016 fekk John Lepsøy både mulle og havabbor i same garn, også St Petersfisk og månefisk har blitt tatt i Os før.
Gav halve fangsten til hunden
For Erik sin del blei det eit døgn med lite mat.
– Det var lite mat i garnet, berre to flyndrer og eit kamskjel. Hunden fekk den eine flyndra.
– I tillegg sanka eg nokre andre skjel og fanga nokre småkrabbar som blei kvelds og frukost, fortel Erik.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.