På patrulje i fleire båthamner
Påkøyrd hjort, avskilta bil og patrulje i fleire båthamner.

Utanom nokre meldingar om ungdomsgjengar som samla seg på skuleområde, og mogleg hærverk, har politiet i helga fått melding om påkøyrd hjort.
– Meldinga kom klokka 01.32 natt til søndag. Hjorten blei påkøyrd på Lepsøyvegen, mellom Hagavik Hjemmebakeri og avkøyrsle til Særvoll, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Hjorten stakk frå staden. Viltkontakt blei varsla.
Natt til laurdag kontrollerte politiet ein bil på Lepsøyvegen. Bilen blei avskilta grunna manglande EU-kontroll.
Natt til søndag var politiet også innom fleire båthamner på patrulje.
– Årsaka er at det har vore ein del tjuveri av båtmotorar den siste tida.
Patruljen var innom båthamner på Hatvik, Nordstrøno, Os sentrum, Øyane og Askvik.
Dei såg ikkje noko å reagera på.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.