Jakt, fiske og natur | 22. juli 2023

Kva skal du gjera om du køyrer på ein hjort?

Om du melder ifrå kan du både unngå bonustap og få redusert eigenandel.

Kva skal du gjera om du køyrer på ein hjort?
Stadane i Os der det har blitt køyrd på og drept hjort frå 1. januar 2020 til 22. juli 2023. (Kart: Hjorteviltregisteret)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 22. juli 2023 07:37

Ber bilistene ta ansvar etter rekordmange viltpåkjørsler
18.7.2023 07:45:00 | Fremtind
– Du risikerer ikke bonustap, så lenge du melder fra om påkjørselen.

I jaktåret 2022/23 var det ein avgang på totalt 5.430 hjortevilt drept av andre årsaker enn jakt - dei fleste påkøyrd av bil.

Det er 680 fleire dyr enn førre jaktår, mykje grunna stor auke i påkøyrd rådyr.

Heile 7.270 rådyr blei drepne av bil, viser ferske tal frå SSB.

Same sesong blei det påkøyrd 1.783 elg og 899 hjort.

Mengda hjort er ikkje rekord, men har halde seg stabilt høgt etter ein auke til rekordmange 1.223 påkøyrde dyr i 2017-2018

  • I Hjorteviltregisteret kan du både søka fram mengde i valt periode, og sjå markering i kart kvar dyra blei påkøyrd i denne perioden.

– Det er viktig å melda ifrå om eit dyr er påkjøyrd, for å kunna ivareta dyret på ein forsvarleg måte, seier skadeforebyggar Therese Hofstad-Nielsen i forsikringsselskapet Fremtind i ei pressemelding.

– Du får ikkje bonustap hos oss om du melder ifrå til politi eller viltkontakt, og eigenandelen vil også bli redusert med inntil 6.000 kroner.

Fremtind har også laga ei liste over kva du bør gjera om du køyrer på eit dyr:

  • Sett på varsellys og plasser bilen på ein måte som ikkje skaper trafikkfarlege situasjonar
  • Ta på deg refleksvest
  • Sett ut varseltrekant
  • Kontakt nødhjelp om personar er skadde
  • Kontakt uansett politiet på 02800. Dei varslar viltkontakt
  • Om dyret sprang frå staden, merk av så nøye du kan staden der dyret sprang ut av vegen. Det er til hjelp for ettersøkshund

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.