Politi | 01. juli 2024

Påkøyrd person og innbrot i Fjellheim

Politiet oppsummerer den siste veka i Os.

Påkøyrd person og innbrot i Fjellheim
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. juli 2024 10:32

Grunna den store leiteaksjonen som starta tysdag har politiet i Os ikkje kome med dei faste, daglege oppdateringane gjennom førre veke.

I dag blir dei siste sju dagane oppsummert.

Den inkluderer to trafikkuhell og eitt innbrot.

– Måndag kveld for ei veke sidan, i 19.30-tida, var det eit mindre uhell på Kuventræ. Ein bil hamna utfor vegen. Ingen personar blei skadd og ingen patrulje rykte ut, opplyser politiførstebetjent Morten Haugland.

Torsdag formiddag 27. juni fekk politiet melding om ein påkøyrd person.

– Det er ikkje meldt om personskade.

Den påkøyrde jobba med asfaltlegging i Os sentrum, ved Landboden eller Giskavollen, då ein bil køyrde forbi sperring på ny asfalt og råka vedkomande.

– Det er ikkje mistanke om uvøren køyring. Farten var låg. Det var fleire vitne til hendinga, ei hending som truleg blir meldt.

I 08-tida måndag morgon fekk politiet melding om innbrot i Fjellheim.

– Det skal ha blitt utført noko skadeverk.

Politiet rykte ut til staden for å sperra av og dokumentera skadene. Brannvesenet kom òg til staden for å lufta ut.

– Sak blir oppretta og innbrotet blir etterforska, opplyser Haugland.

Det har elles vore nokre meldingar om støy.

Desse kom frå Lekven natt til onsdag 26. juni, frå ein uteplass i sentrum natt til laurdag og frå eit nabolag på Halhjem natt til laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.