Lokal | 16. apr. 2017

Påskenøtt 9

Årets siste påskenøtt. Kor har vi teke turen i dag?

Påskenøtt 9
Kor har turlaget si trivelsgruppe satt opp denne benken? (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 16. apr. 2017 07:44

Kvar dag gjennom påsken vil vi, som ein liten hyllest til Os Turlag, som fyller 30 år i år, og i samarbeid med Er-An Veikro, visa bilde frå eit turterreng i Os.

Turlaget si trivselsgruppe gjer mykje med å gjera turane enklare og trivelege med å bygge klopper, bruer og enkelte stader kvilebenker, som denne på bilete. Men kor står denne benken som kom opp like før påske?

Send forslaget ditt til tips@midtsiden.no

Svarfrist: Du kan senda forslag fram til vi har lagt ut neste nøtt (og fasit på denne), om cirka eit døgn.

(For å vera med i konkurransen må du senda epost. Vi ber deg om IKKJE å kommentera på saka eller på Facebook med rett svar. Desse svara blir ikkje rekna med som gjeldande).

Vinn billettar til Elvis-show!

Alle som i løpet av påsken får minst tre rette svar er med i trekninga av to billettar til Elvis Show på Er-An Veikro laurdag 6. mai (verdi 2 x 300 kroner).

På showet er det offisiell opning av venterommet som er under bygging og avduking av ein stor Elvis-figur med ei litt spesiell historie bak seg.

Kvelden blir feira i telt bak restauranten, der det er konsert med Kjell Elvis, Twang Gang, Vossa Rebels og Jan Haaland med band (Nils Midtseter, Steinar Lyssand og Olav Skorpen).

Rett svar i går: Liafjellet

Det var mange som kjente att brua over Døsjaelva på Nore Neset når ein skal gå opp på Liafjellet. Nokre trudde òg at vi hadde vore på Tøsdal, men ikkje på denne turen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.