Lokal | 19. apr. 2019

Påskeprat med Tove

Fem kjappe spørsmål med Tove Tvedt Skarstein.

Påskeprat med Tove
Vert det moteshow i påsken? Tove Tvedt Skarstein er dagens gjest i «Påskepraten». (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 19. apr. 2019 17:42

Tove driv butikk, er moteshow-generalinne i Os, og er ei eldsjel for mange. Nyleg samla ho inn 20.000 kroner til inntekt for Bring Children From Street, ei stifting som jobbar for born i Uganda.

– Korleis blir påsken din i år; fjellet, båtpuss, hagestell eller i sofaen?

– Påsken skal gjennomførast heime og på Øyo. Noko tid til hage og båtpuss vert det nok òg. Og ja; gode bøker vert det òg.

– Kor mange dagar har du stått på ski denne snøfattige vinteren?

– Der er svaret nok 0.

– Har du nokre påsketradisjonar?

– Påskeeggjakt med barnebarna må vera med kvar påske. Elles vert det ofte spel og pinnekjøtt.

– Om du skal anbefala ein tur i Os - kor går turen?

– Øyane og Kobbavågen er flott!

– Kven fortener eit stort påskeegg?

– Sadiqa som jobbar i språkpraksis hos meg i butikken. Ho og familien ville nok ha likt denne tradisjonen.

Les òg:

Påskeprat med Christian

Påskeprat med Thomas

Påskeprat med Aina

Påskeprat med Sverre

Påskeprat med Eirik


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.