Meining | 19. sep. 2022

Pengane eller livet?

Konsekvensen av det politiske fleirtalet sitt standpunkt er at vi må kutta i alt.

Pengane eller livet?
Nils-Anders Nøttseter i første møte i det nye utvalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. sep. 2022 06:45

«Prosjekt økonomisk handlefridom» skulle sjå på korleis kommunen skal kutta vidare i alle sektorar og kva konsekvensar det kan få.

Dette er ikkje MDG sin foretrekte politikk, det har vi vore krystallklare på, men den siste delen om konsekvensar meinte vi var viktig.

I strid med eit godt begrunna budsjettframlegg frå kommunedirektøren står dei fleste partia i kommunestyret beinhardt på at eigedomsskatt ikkje skal nyttast.

Dei vil heller kutta titals, faktisk hundretals, millionar i kommunen. Det skjer ikkje utan at det rammar nokon.

Då meiner vi det er viktig at politikarane går inn i detaljane, og tek fullstendig ansvar for konsekvensane av kutta. Vi trudde oppriktig at dette utvalet ville gjera sitt for å ansvarleggjera det politiske fleirtalet for dei overordna kuttvedtaka.

Diverre kan vi no slå fast at utvalet ikkje får til dette.

MDG foreslo i forrige møte å legga ned utvalet då det etter vårt syn er grovt uansvarleg å kutta vidare i kommunen sin økonomi, spesielt innan psykisk helse.

Vi foreslo vidare at utvalet bør råda kommunestyret til å innføra ein solidarisk utforma eigedomsskatt.

Berre MDG stemte for realitetshandsaming og nedlegging av utvalet. Det er litt uventa, ettersom Ap og Sp i utgangspunktet ikkje ønska å oppretta utvalet.

Vi i MDG slit med å forstå kvifor eit fleirtal av politikarane ikkje i større grad tar inn over seg kor vanskeleg det allereie er for dei kommunale tenestene å hjelpa dei som treng hjelp av kommunen. Det er i alle fall det inntrykket som fort sit att når dei konsekvent avviser å henta dei naudsynte inntektene.

Vi har innbyggjarar som ikkje kan setja livet på vent medan vi utset å finna pengar til livsviktige tenester. Vedtekne handlingsplanar har ikkje særleg verdi om vi ikkje har ressursar til å følge dei opp.

Konsekvensen av det politiske fleirtalet sitt standpunkt er at vi må kutta i alt. Alle stadar skal det sparast endå meir pengar.

Dei tilsette er utslitne etter kommunesamanslåing og kutt år etter år. Mange orkar ikkje bli verande. Vi har tapt ufatteleg mykje kompetanse, og kapasiteten er allereie strekt for langt.

Vi har ikkje nok ressursar i skulen til å garantera at dei som treng assistenthjelp kan få det dei har krav på. Vi har truleg ikkje pengar til å sikra nærskulane. Vi har ikkje pengar til å gje bassengtrening til menneske med nedsett funksjonsevne.

Vi har ikkje pengar til å sikra nok kapasitet hos skulepsykolog. Vi har ikkje pengar til å følga opp handlingsplanen mot sjølvmord, eller trafikksikringsplanen eller klimaplanen.

Dei siste åra og dei siste vekene har sterke og modige menneske stått fram i lokalavisa og fortalt om kor tung verda kan vera. Det er mange som tidvis vurderer å ta livet sitt, og det er mange som har mista ein eller fleire som står dei nær.

Dette har vi som samfunn ikkje råd til.

Politikk er prioriteringar. Skal vi bruka det einaste inntektsgrunlaget som kommunen sjølv har råderett over, eller skal vi la vera å følga opp livsviktige planar?

Vi i MDG seier ja til gode liv.

Vi som politikarar skal legga til rette for at flest mogeleg av innbyggarane kan leva best mogelege liv.

Nils-Anders Nøttseter
Gruppeleier Miljøpartiet Dei Grøne

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.