Fotball | 19. jan. 2022

Plätzer har fått kontrakt med A-laget

Unge Sebastian Plätzer frå Søfteland klatrar i gradane på Kuventræ.

I fjor var han på banen i tre kampar for A-laget, her i debuten mot Øygarden i NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. jan. 2022 10:42

Sebastian Plätzer hadde nyleg fylt 16 år då han i slutten av juni i fjor, i det som var Os sin første treningskamp etter at pandemien øydela 2020-sesongen, fekk smaka på A-lagsnivået for første gong.

I løpet av 2021-sesongen blei det tre offisielle kampar, NM mot Øygarden og seriekampar mot Fjøra og Sandviken.

– Sebastian er ein veldig spennande ung spelar som over tid har fortent sin plass i A-stallen, seier hovudtrenar Endre Brenne ifølgje eigne heimesider.

Plätzer var på kretslaget i ungdomsåra og fekk Kurt Monsens minnefond sin pris i oktober.

Sebatian viser lite respekt for eldre og tyngre spelarar. Her driblar han ein Sandviken-spelar trill rundt rett framfor Os-trenaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sebastian har til no spelt mest på sentral midtbane.

– Han er god på ball, kvikk, viser bra forståing og er svært ambisiøs og treningsvillig, seier Brenne.

Han har også ein god dødballfot og fin skåringsteft. Her set han inn eit fint mål under Adidas Cup i fjor.

I 2021 spelte han både tre kampar for A-laget, to for Os 2, skåra 2 mål på 7 kampar for G19 og 3 mål på 9 kampar for G16-laget til Os.

Plätzer vaks opp i Søfteland TIL og kom til Os saman med laget sitt då dei gjekk opp til ungdomsnivå.

Han kjente fleire av Os-spelarane frå før, då han har deltatt på klubben sine ekstratilbod, FFO og Akademiet.

Han kjenner også Brenne godt frå før. A-lagstrenaren var trenar for 2005-årgangen sitt førstelag.

Ifølgje Os Fotball er det fleire spennande spelarar på veg opp til A-laget frå ungdomsfotballen. Sebastian, som fyller 17 år i juni, er foreløpig den yngste i stallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.