Kultur | 23. mai 2012

Plukka ut til filmfestival

Musikkvideoen til Fjorden Baby! sin song «Som på TV» av og med fleire osingar er plukka ut til kortfilmfestivalen i Grimstad.

Plukka ut til filmfestival
Kjell-Gunnar Hjartholm Knudsen (i lys jakke) saman med resten av gjengen bak filmen (privat foto)
Andris Hamreonsdag 23. mai 2012 12:24

Det heile starta som eit skuleprosjekt for Kjell-Gunnar Knudsen frå Os. Som elev på film- og TV-produksjonslina ved Noroff i Bergen sto han bak regien til musikkvideoen «Som på TV» med Fjorden Baby! Då bandet fekk sjå sluttproduktet ønskja dei å ha den som sin offisielle video til songen. Fleire osingar deltek som skodespelarar i videoen.

No har skuleprosjektet blitt plukka ut til Grimstad kortfilmfestival. Ein internasjonal filmfestival som arrangerast for 35 gong. Heile 379 filmer blei sendt inn til festivalen korav 51 kortfilmar og 23 musikkvideoar.

- Det er veldig gøy å bli plukka ut til ein så anerkjend festival.

- Dette syner at det er stor kvalitet på det vi lagar. At ein studentvideo kan væra med og konkurrerar med videoar laga av profesjonelle filmskaparar er gøy, seier ein glad Kjell-Gunnar Knudsen til Noroff si heimeside.

Sjå videoen nedanfor

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.