Politi | 10. mai 2022

Politiet ba vegvesenet kontrollera tivoli-køyretøy

– Det blei skrive nokre mangellappar.

Politiet ba vegvesenet kontrollera tivoli-køyretøy
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. mai 2022 06:58

Statens vegvesen kontrollerte i går fleire tunge køyretøy etter oppmooding frå politiet.

– Vi fekk melding i 17-tida om ei tungbilgruppe som såg ut til å vera tungt lasta. Bilane var på Sandvikvåg, på veg mot Halhjem, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Politiet i Os samarbeidde med Bergen sør og vegvesenet, og fekk stoppa cirka ein tredel av bilane.

Desse blei kontrollerte på E39 Byvegen i Hjellemarka på Søfteland, og i Bergen.

I alt sju køyretøy blei sjekka.

– Det blei skrive nokre tekniske mangelsedlar, opplyser Inge Hellebust i rapporten frå kontrollen.

Manglane dei fann var blant anna abs-feil, rustangrep på ramme, sprekk i frontrute, sprekk i ramme, diverse lysmanglar og oljelekkasje.

– I tillegg var det nokre manglande dokumentasjon i samband med dispensasjon.

Ingen fekk bruksforbod, så følgjet kunne køyra vidare etter fullført kontroll.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.