Politi | 10. nov. 2022

Politiet leitte etter to mopedistar

Fekk inn fire ulike klager i går, den eine handla om plagsame tohjulingar.

Politiet leitte etter to mopedistar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. nov. 2022 08:57

Onsdag klokka 10.36 fekk politiet melding om bil som ikkje heldt vikeplikta si ein stad på Moberg.

– Det førte ikkje til operative tiltak, opplyser politioverbetjent Knut Magnus Fjeld.

I 15-tida fekkpolitiet klage på mykje boss i begge felt på E39 sør i Skogafjellstunnelen.

Vegtrafikksentralen blei varsla. Dei sendte entreprenør ut for å rydda.

I 18.30-tida kom klage på parkert hengar ved Strøno barneskule. Den skal ha stått på ein måte som kunne skapa trafikkfarlege situasjonar, og politiet kontakta eigar.

Klokka 19.24 fekk politiet klage på to mopedistar som «køyrde idiot» på Ulvenvegen og ved Spar i Kloppamyra.

– Ein patrulje søkte i området utan å finna dei.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.