midtsiden

Populære kystkvinner

Kystsogevekene 2011: Peter Marron trivst som «einsam hannløve i flokken», og fortel om godt sal og smekkfullt galleri under opninga.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag var det, som del av programmet for opninga av Kystsogevekene, vernissasje av utstilling med Ingunn Dahlin i Vedholmen Galleri.

– Vi hadde over 100 gjestar ute på kaien her, seier kunstnar Peter Marron.

Marron driv galleriet, som ligg i Hargun-naustet, saman med kona Vibeke Harild.

– Det blei ein fin seremoni med gode talar og fine samtalar med kunstnaren Ingunn Dahin.

«Kystkvinner» er tittelen på utstillinga og fire av dei største skulpturane har fått namn etter kvinner frå Søre Øyane i Os og Sandsøy i Tysnes kommune.

To av desse kvinnene, Hanna Mathilde Sandsøy og Ragnhild Garvik, lever ikkje lenger, dei to andre er i høgste grad levande. Og dei blei svært overraska.

– Dei har visst jobba med dette i lang tid medan vi ikkje fekk veta noko før ein dag eller to før opninga. Både eg og Anne Garvik blei veldig overraska, og skjønte ikkje heilt kvifor akkurat vi skulle vera eksempel på kystkvinner. Samtidig er det jo ein flott ting å bli brukt, til, seier Inga Beate Bruarøy.

Til høgre ser du skrivet om dei fire kystkvinnene. Skrivet heng på sokkelen til ein av skulpturane.

Fleire saker