Kultur | 02. okt. 2020

Premiere på «dritgod» lokal miljøfilmserie

På Bygdekinoen søndag får du sjå den første av seks reklamefilmar for Oseana sitt fokus på klima og miljø.

Premiere på «dritgod» lokal miljøfilmserie
Direktøren på do: Byr på seg sjølv i ny reklamefilm. (Skjermskot, foto: Varde Film)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. okt. 2020 13:28

Søndag er det kino i Oseana igjen.

Før kinofilmane vil du få «reklamefilm» frå Oseana for første gong.

Det er premiere på den første av seks filmar om Oseana sitt fokus på klima og miljø.

Auka rekkevidde

Oseana har på fleire måtar vore eit miljøfyrtårn frå opninga i 2011 til i dag. I 2017 blei dei òg sertifisert som eit.

Seinare har dei òg blitt del av Grøn Bjørnafjord.

Men dette er eit prosjekt for seg sjølv.

Oseana har gjort miljø- og klimaarbeid til ein del av arbeidsdagen sin, og har innarbeids dette hos alle tilsette. Med over 80.000 besøkande gjennom året, ser dei òg sjansen til å stimulera til grøne tiltak òg langt utanfor husets veggar.

– Håpet er at desse filmane vil gjere at våre besøkande tek miljøtanken med seg heim og bli inspirert til mijøtiltak både hos seg sjøv, på jobb og andre stader. Slagordet vårt i denne kampanjen er «viss alle gjer litt, blir forskjellen stor».

– Det håper vi folk tar til seg, seier Veronica Søilen Halhjem.

Solceller og eingongsgrillar

Solcellepanelet, som utgjer store delar av taket, produserer nok strøm til å drifta varmepumpa på huset, noko som fører til at dei sparer vel 200.000 kroner i året i straumutgifter.

– Vi har fått støtte av kommunen til å laga seks filmar som viser korleis vi jobbar, ikkje berre for klimaet, men for miljøet.

Styring av lys, fjerning av plastkoppar, sortering av avfall og strandrydding og mottak av eingongsgrillar nede ved Mobergsvikjo er blant tiltaka.

Varde Film blei engasjert og filmane er no ferdige.

– Den første blir lansert før Bygdekinoen sine visingar søndag, dei neste kjem éin og éin i ulike media framover. Vi hadde det morosamt i produksjonen, og gler oss no til lansering!

I første film kan du sjå ein direktør som verkeleg byr på seg sjølv.

På plakaten

På søndagens kinodag i Oseana står kritikarroste Knudsen & Ludvigsen 2 - Det Store Dyret står på plakaten saman med den etterlengta After-oppfølgaren, ungdomsfilmen After We Collided, basert på bok-serien av Anna Todd.

Desse to står på plakaten til Bygdekinoen i Oseana søndag.
Desse to står på plakaten til Bygdekinoen i Oseana søndag.

«En film for barn, som vil glede oss mer tilårskomne også» skriver VG om Knudsen & Ludvigsen, og deler ut terningkast 5. BA gir terningskast 6.

Om After We Collided skriv NF Kino:

Klarer Tessa og den mystiske Hardin å håndtere følelsene for hverandre? Vil Hardin klare å vinne tilbake Tessas tillit? Josephine Langford og Hero Fiennes Tiffin er tilbake i hovedrollene i denne brennhete romantiske filmen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.