Øyafest | 04. aug. 2022

Programmet, scenane og den lynraske rigginga

40-50 frivillige sto i kø for å hjelpa. – Eg har aldri vore med på liknande, seier Odd Joar Glesnes frå Fusa Lyd & Lys.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. aug. 2022 11:22

Tysdag blei scenen i Humrahølo bygd til torsdagens kick off, onsdag kom telt og éin av to scenar til Sundøy Arena, der sjølve Øyafest fredag går av stabelen.

3,5 timar seinare var jobben gjort.

– For det første synest eg dette har blitt ein fantastisk arena, for det andre har vi aldri vore med på liknande dugnadsgjeng, seier Odd Joar Glesnes, ein av to eigarar i Fusa Lyd & Lys AS.

Status no er:

  • Det er meldt sol og svak vind frå klokka 13 i dag til klokka 21 fredag kveld
  • Scenen i Humrahølo er ferdig, i skrivande stund også med tak
  • Hovudscenen (10 x 7 meter) blei rigga i går
  • Teltet, med 63 bord og sitjeplass til ca 700 (!) blei rigga i går
  • Scenen i teltet (6 x 3 meter) blei rigga i formiddag
  • Christer Røttingen, kveldens første artist, har kome i land trass melding om skodde i Nordsjøen
  • Bussbillettar sel godt, og det er bestilt ekstrabuss heim frå den for lengst utselte festivalen

Programmet ser du nedst i artikkelen.

Bildeserie:

I dag, etter at Midtsiden i 9-tida var innom, er det bygd ein scene på 6 x 3 meter her. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Humrahølo har fått scene. I dag har også tak kome på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Christer S. Røttingen og Berit Håpoldøy skal spela frå kl 20 til ca kl 22. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Mat-telt til venstre, bar og festivaltelt til høgre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Hovudscenen er på plass, foreløpig med litt lågt tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Utsikt frå scenen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Baren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
7 rader med 9 bord skal gi god plass til dei første 700 av 1000 som har billett (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I dag, etter at Midtsiden i 9-tida var innom, er det bygd ein scene på 6 x 3 meter her. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Humrahølo har fått scene. I dag har også tak kome på. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Går av seg sjølv - nesten for fort

40-50 frivillige stilte opp og sto i kø for å hjelpa i det lastebilen parkerte.

– Dei var jo så ivrige at benkane i teltet var på plass før teltet, og taket blei tatt på før alle delane var på plass, så den jobben måtte gjerast to gongar, seier styremedlem Ivar Bøthun og humrar.

Ei fargerik palle som kom med utstyret fekk logo og blei midtpunkt i den heimesnekra baren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Festivalleinga er takksam og imponert over den enorme dugnadsinnsatsen.

Sjølv tok Ivar to steg bak då ein av dei ivrigaste, den pensjonerte byggmeisteren Kjell Aarvik kom til Humrahølo.

– Han veit jo korleis ting skal byggast.

Aarvik, som også er sponsor med firmaet sønene no driv, farta til Os for henta stillas og tok ansvar for heile prosjektet. Alt gjekk av seg sjølv, fortel Ivar.

Kjell seier han verken er flinkast eller mest ivrig av dugnadsgjengen, han synest berre det er kjekt å møta fram.

– Eg set pris på samhaldet i krinsen, og så er det jo stas å vera med desse flinke ungdomane!

Marius Vedholm Aasen i front og festivalsjef Tommy Aasen på veg til scenen med sponsorbannarar. Dei er det mange av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Programmet

Torsdag 4/8 (fri entré): Kickoff i Humrahølo (nær Røtingavegen 458)
20.00: Christer Sundøy Røttingen (debutant)
20.30: Berit Håpoldøy, Eirik Utne og Lars Hammersland

Fredag 5/8 (fri entré): Sundøy Arena
Familiefest
13.00: Bjørnis kjem

Fredag 5/8 (utselt): Sundøy Arena
18.00: Dørene opnar
18.00: Frode Holmefjord
19:15: Martine Frotveit Johnsen
20.00: Goggen
21.00: Vestlandsfanden
23.00: Gunslingers
ca 00.30: Fyrverkeri. Pro Pyro skyt opp frå lekter mellom Hargun og Lepsøybrua

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.