Politi | 07. juli 2023

Prøvde å få kontakt med eigar

Politiet avskilta bil.

Prøvde å få kontakt med eigar
Arkivbilde: Ein bil som har stått på pendlarparkeringa i Idrettsvegen ved Byvegen blei avskilta i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. juli 2023 09:16

Torsdag ettermiddag blei ein bil avskilta av politiet.

Bilen sto parkert på pendlarparkeringa i Idrettsvegen, og har stått der over tid.

– Eigar av bilen, ein mann i midten av 20-åra, er forsøkt kontakta, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Kva som er årsaka til avskiltinga er ikkje oppgitt.

Statens vegvesen har hatt fleire kontrollar på Svegatjørn den siste tida.

I går fann dei fleire ting å reagera på.

Éin førar blei meldt for brot på køyre- og kviletidreglane, to andre fekk gebyr.

Den eine fekk 2000 kroner i gebyr mens firmaet fekk 4000 kroner å betala.

Den andre føraren fekk 1000 kroner til seg sjølv og 2000 til firma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.