Reise og turisme | 30. juli 2021

Psykkelhelse: I Trondheim ein dag før tida

Ferien går på skjener. Det same gjer innsamlinga og den lange sykkelturen.

Psykkelhelse: I Trondheim ein dag før tida
Helga og Eirin feira god framdrift med ein pausedag i Trondheim torsdag.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. juli 2021 13:45

Tysdag i førre veke tok dei sine første tråkk på pedalane på Lindesnes, i går trilla Eirin Austevoll frå Os og Helga Sia frå Sandnes inn i Trondheim by.

– Dette var ein dag før tida, så no tar vi oss ein fridag! Folk vi har prata med, som har sykla lange distansar sjølv, har anbefalt oss å ta ein fridag av og til, seier Eirin til Midtsiden.

Lærarstudentane tar Lindesnes - Nordkapp som ein ferietur, og har sett av 30 dagar til distansen. No har dei gjort unna 900 av rundt 2.500 kilometer.

God støtte - god pengestøtte

Då dei likevel skulle på langtur, ville dei sjå om det gjekk an å bruka turen til å samla inn pengar til andre.

Dei valte psykisk helse og oppretta aksjonen «psykkelhelse». Målet var å samla inn 10.000 kroner, i går var dei forbi 15.000 kroner.

– I tillegg har vi fått vipps, og det som kjem på vipps blir ikkje vist i summen på aksjonssida.

Bildeserie:

– Vi var litt stressa og spente ved start, innrømmer Eirin og Helga.
– Vi var litt stressa og spente ved start, innrømmer Eirin og Helga.
Så blei dei spandert middag på av direktøren på Straand Hotell.
Så blei dei spandert middag på av direktøren på Straand Hotell.
Kjekt møte: Helga sin «sykkeltrenar» og ein kamerat kryssa jentene sitt spor.
Kjekt møte: Helga sin «sykkeltrenar» og ein kamerat kryssa jentene sitt spor.
I Seljord var det ein hyggeleg kar som inviterte på «någgå kaldt å drikka».
I Seljord var det ein hyggeleg kar som inviterte på «någgå kaldt å drikka».
Ein kvil i ein hyttevegg.
Ein kvil i ein hyttevegg.
Nokre andre kameratar som viste veg og sjen eit stykke.
Nokre andre kameratar som viste veg og sjen eit stykke.
I bartebyen ein dag før tida.
I bartebyen ein dag før tida.
Grillmat hos venar i Trondheim. Ekstra godt etter ein unødvendig lang sykkeldag (Eirin prøvde seg som kartlesar)
Grillmat hos venar i Trondheim. Ekstra godt etter ein unødvendig lang sykkeldag (Eirin prøvde seg som kartlesar)
1 av 8

Den mest produktive dagen var tysdag, som også var første dag med regn.

Då sykla dei dobbel etappe og landa på 190 kilometer.

(Sykkelrittet Bergen-Voss er 170 km)

– Dag to var den verste, då hadde vi vondt både her og der, og tenkte at dette kunne bli ein vanskeleg tur. Men no har kroppen blitt vant med det, og vi har funne rytmen.

Jentene har også fått både heiarop og andre formar for støtte.

– Hotelldirektøren på Strand Hotell gav oss gratis middag, foreldra mine var på hytta på Maurset, så pappa køyrde tre timar for å henta oss til kvelds og ei natt i seng.

Pappa Eivind køyrde dei tilbake til der dei blei plukka opp igjen, sjølv om «mamo» meinte han kunne køyra dei til Gol.

– Det er viktig for oss at vi trør kvar meter.

Kven er best på kva?

Men dei spreke studentane har takka ja då dei har møtt venar som har villa køyra bagasjen på delar av distansen.

Den eine møtte dei tilfeldigvis på E6. Han svingte inn på ei busslomme og skulle til Oppdal.

– Dermed måtte vi sykla heilt til Oppdal, som var noko lengre enn planlagt den dagen. ;en det kjennest jo ut som om vi har elsykkel når vi brått slepp å trekka bagasjen.

Jentene har både lært seg rutinar og lært kven som er best på kva.

– Vi har funne ut at det er best at Helga les kart, seier Eirin og ler.

Sjølv trekk ho bagasjevogna. Når det ikkje er hjelparar langs vegen.

– Og så har vi fått betre rutinar. Den første dagen trur eg vi brukte tre timar på å rydda teltplassen og koma oss på syklane, avslører Helga og Eirin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.