Kultur | 02. apr. 2013

Razika til Os igjen

I 2011 skapte dei magi på Søfteland, no blir det intimkonsert på Peppes.

Razika til Os igjen
Razika, då dei spelte på Søfteland Rock N LOL i 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. apr. 2013 19:02

Razika serverte oss ein landeplage med låta Vondt i hjertet frå debutalbumet Program 91 i 2011, og stemninga var stor då dei besøkte Søfteland Rock N LOL den same sommaren.

– Det var fantastisk stemning i teltet, med allsong og ekstranummer, seier festivalsjef Andreas Lindborg.

No har dei kome med album nummer to, På Vei Hjem, og søndag 14. april speler dei på Peppes.

Open for alle

– Konserten er ein del av Utflukt-programmet, og er eit samarbeid mellom rockeklubben og Søfteland Rock N LOL, fortel Kjetil Osablod Grønvigh frå Os Rockeklubb.

Utflukt er eit samarbeid mellom BRAK, artistmanagementet MADE og lokale kulturkontor, der 10 etablerte band og artistarreiser på 10 turnear med til saman 100 konsertar med fri aldersgrense (alkoholfrie konsertar).

Før jul kunne rockeklubben invitera til konsert med Blood Command, som reiste via London til Os og vidare til Rockefeller. No står det populære jentebandet Razika for tur.

– Dette er ein unik sjanse til å oppleva band på veg opp i intime lokale i bygder og småbyar, seier Grønvigh.

Var skeptisk

Razika, som består av jentene Marie, Maria, Marie og Embla, Marie Amdam (vokal og gitar), Maria Råkil (gitar og vokal), Marie Moe (bass) og Embla Karidotter Dahleng (trommer), turnerer no med andrealbumet sitt.

Å spela på ein pizzarestaurant var dei i utgangspunktet ikkje heilt klare for.

– Dei var skeptisk, og det forstår eg. Men eg fekk ein idé om å bruka Peppes i staden for rockeklubben sitt lokale i kjellaren på Oshallen, og Andreas var einig.

– Eg forklarte Razika-jentene korleis vi i Os bruker Peppes-restauranten vår, men blueskonsertar og andre arrangement, og då var dei med på notene.

Eit nachspiel for UKM

Søndag 14. april er andre av to speledagar for kulturmønstringa i Hordaland, UKM-finalen som går i Oseana.

– Vi kjører Razika-konserten tidleg på kvelden på tampen av det som blir ei tettpakka og god kulturhelg for unge og vaksne i Os, seier Kjetil.

– Med den stemninga som var då Razika var på scenen på festivalen vår i 2011 trur eg det er mange som vil sjå dei igjen, og eg trur det blir veldig fint å oppleva dei på ein intim plass som Peppes, seier Andreas om konserten, som altså blir open for både små og store.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.