Politikk | 31. mai 2022

Reagerer på redusert tilgang til kontantar

Fredag blir minibanken fjerna: – Gir dårleg beredskap.

Reagerer på redusert tilgang til kontantar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. mai 2022 06:24

Då Sparebanken Vest fortalte at dei vil fjerna minibankane i og utanfor filialen i Os sentrum, som no er under oppussing, skapte det fleire reaksjonar i kommentarfelt.

Dette er dei to siste minibankane i Os. DNB fjerna sin minibank i sentrum i 2016. Seinare blei minibanken på AMFI Os tatt vekk.

Les ògFjernar minibankane i Os for godt

Blant dei som reagerer, og som fråråder å redusera tilgangen til kontantuttak, er organisasjonen «Ja til kontanter».

– Vi fekk jo sjå kva som skjedde 16. mai, då Nets/Bank Axept var nede frå klokka 12 til minst 13.40.

– Verken betaling eller uttak i butikk fungerte, og minibankane fekk køyrd seg.

– Denne gong var det ein teknisk feil, kva skjer den dagen eit målretta angrep slår ut tenestene? Vil dei då vera nede i fleire dagar? spør Kim René Hamre.

Han er leiar i «Ja til kontanter», ein organisasjon som har over 54.000 medlemmar på Facebook.

Med seg til Os for å møta Midtsiden hadde han Kjartan Andreassen.

Andreassen har bachelorgrad i samfunnsberedskap, og har engasjert seg av tryggleiksordningar.

– Vi må halda fram med å bruka kontantar. Kontantar bør òg inn på lista Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) kvart år marknadsfører, for å få folk til å ha det mest naudsynte heime i tilfelle ei krise.

Flere veier ble stengte under orkanen «Nina» i januar 2015. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògKan du ta vare på familien din i en krise?

Har ikkje lov å seia nei

«Ja til kontanter» blei starta i 2016, i ei tid fleire parti snakka om eit komande kontantlaust samfunn.

Enkelttilfelle der kundar ikkje har fått lov å betala kontant på visse stadar, blant anna på eit leikeland, har også engasjert organisasjonen.

– Loven slår fast at ingen, uansett bransje, kan nekta kundane å betala cash. Dessverre inkluderer loven ingen sanksjonar mot dei som har nekta. Det er noko av det vi ønskjer å gjera noko med, seier Hamre.

– Folk skal kunna betala kontant utan å bli uglesett. Om dei i tillegg blir nekta, så meiner vi det er eit overtramp som skal føra til ein reaksjon.

I tett dialog med finansministeren

Hamre er også aktiv i Bergen Sp, og har vore personleg i kontakt med partileiar og finansminister Tryve Slagsvold Vedum.

– Vedum takka meg for påminninga om å ta opp dette temaet etter at han i fjor haust blei finansminister, og har tatt nokre steg i rett retning.

Hamre og Vedum stilte saman i intervju med Nettavisen i førre veke.

– Det er viktig å ivareta retten til å betala anonymt. Nokre gongar er det greit ikkje å legga igjen spor etter seg overalt. Vi må ikkje kriminalisera dette ønsket, sa Vedum til Nettavisen onsdag.

Han seier vidare at regjeringa tar sikte på å setja ned eit utval i løpet av året som skal sjå på kontantane si rolle i samfunnet.

– Ingen gode argument mot kontant betaling

Til Midtsiden seier Hamre at han ikkje finn gode argument til å jobba med å redusera eller fjerna bruken av kontantar, heller ikkje når det kjem til svart arbeid eller kriminalitet.

– Kontantbruken er allereie kraftig redusert. Vi kan vel ikkje seia det same om kriminaliteten? spør han retorisk.

– Det er så mange Vipps-transaksjonar no at Skatteetaten ikkje har sjanse til å følgja med på alt.

– Både kjøp og sal av narkotika, og svart arbeid, skjer no like gjerne med digitale overføringar, gjerne kamuflert som kjøp av eitt eller anna brukt annonsert på nett ein stad.

– Bankane vil fjerna ein konkurrent

Bankane viser til statistikk som fortel om svært redusert bruk av kontantar, og legg til at drift av minibankar er kostbart.

– Ein nedbetalt minibank kostar, så vidt vi har funne ut, 1.500 kroner i månaden i driva. Så fett som bankane tener, bør dei ta seg råd til dette. Alle bankane klappar jo seg sjølv på skuldra, og fortel kor mykje fokus dei har på kundeservice. Då bør dei yta denne servicen òg, meiner Hamre.

Han meiner redusert kontantbruk og fjerning av minibankar i høgaste grad er i bankane si økonomiske interesse.

– Dei tener på at du har alle pengane dine i banken, og på at overføringar og betaling skjer digitalt. Kontantar er bankane sin konkurrent.

– Om ikkje dei norske bankane vil yta denne servicen for kundane sine, er for eksmpel Euronet eit alternativ, sånn det blei i Lofoten i fjor. Dei kundenøytrale bankane tar naturlegvis sine gebyr, men kan bli ein del av beredskapen om kommunen vil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.