Rebus Run blei stor suksess
Rundt 70 ungar kappkøyrde med båt i og rundt Øyane.

Onsdag inviterte Poker Run-veteranane Eirik Haugland og Anders Arefjord til Rebus Run», ei juniorutgåve av Poker Run.
Planen var ei orienteringsløype med postar på ulike stakar, stupetårn og svaberg - med valfri rekkefølge, for å unngå for tett kniving.

I strålande solskin stilte 34 båtar til start på Bunnpris Vedholmen Landhandel i dag.
Dei fleste følgde oppmodinga, og stilte med to eller tre i båten, men nokre køyrde også åleine.
Det var også fleire som gjekk inn for å vinna prisen «best in show», og hadde kledd seg ut.
Ordninga med løype i valfri rekkefølgje fungerte fint, båtane fauk av garde i kvar sine retningar til dei åtte postane - og var samtidig varsame og høflege ved ankomst post. Ved kvar post låg det dessutan vaktbåt med vaksne i.
Oppdatert - sjå video, vinnarliste og bildeserie frå det vellykka rebusracet:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.