Kultur | 12. jan. 2013

Redd for å bli slakta

Laura Agathe Moberg (21) har aldri deltatt i ein songkonkurranse før. Men så meldte ho seg på Idol.

Redd for å bli slakta
Laura Agathe Moberg er ein av fleire deltakarar i Idol 2013. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. jan. 2013 07:54

I går starta årets Idol-sesong. Nesten. Fredagssendinga blei via til tidlegare vinnarar, finalistar og programleiarar, eit tilbakeblikk på dei 10 første åra med Idol på TV2.

Onsdag startar sendingane frå auditon. TV2 startar med Bergen, der det er minst tre osingar blant deltakarane, Madeleine Berge Midtseter (18) (som vi tidlegare har sett blant anna på UKM), Eirik Strønen Søfteland (24) (vokalist i KingCalling) og Laura Agathe Moberg (21).

– Eg har vore med og sunge konsertar før, men aldri i konkurranse, ikkje ein gong på kulturmønstringa, seier Laura Agathe.

– Eg har rett og slett vore for redd. Men plutseleg fekk eg lyst til å delta, så eg meldte meg på sjølv.

– Så no er du ikkje redd lenger?

– På veg inn på audition var eg ikkje redd for ikkje å gå vidare. Men eg var redd for å bli slakta, det ville vore forferdeleg.

– Eg er nervøs nok når eg skal synga for publikum, på Idol skal du bli dømt i tillegg, framfor kamera, og kanskje få ganske krass kritikk.

Opera og jazz

Laura Agathe har gått på Os kulturskule og på Vest-Norges Operabarnekor. Ho har også vore i Sør-Afrika og sunge med Steinerskolen.

– Det har ikkje vore så mykje musikk i det siste, men eg har alltid likt å synga, og for ikkje så lenge sidan kom eg i kontakt med ein som har nokre musikkprosjekt.

– Det blir ein del musikk framover, uansett korleis det går i Idol.

– Kva like du best å synga?

– Jazz. Helst frå 20- eller 30-talet.

– Blir det jazz eller opera på Idol òg?

– Nei. Men eg skil meg nok ut i låtvalet, røper Laura Agathe før sendingane startar, dei to første med audition frå Bergen på programmet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.