Politi | 19. okt. 2021

Rev påkøyrd på Byvegen

Politiet fekk i går melding om påkøyrd vilt og brann i pipe.

Rev påkøyrd på Byvegen
Påkøyrsla skal ha skjedd nær Rema og Gymnasvegen (bildet). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. okt. 2021 06:59

Litt før klokka 09 måndag morgon fekk politiet melding om påkøyrd rev.

– Det skjedde på Byvegen nær Rema 1000. Reven sprang vidare, men er truleg skadd, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Meldar markerte staden der reven forsvann inn i skogen, politiet varsla viltkontakt.

Litt før klokka 12 i går fekk brannvesen og politi melding om pipebrann i ein bygning i Os vest.

– Brannvesenet fekk raskt kontroll. Det var ingen personar i bygget, men eigar er varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.