Politi | 18. okt. 2021

Mistenker kamp mellom mann og kvinne

Mann køyrd til sjukehus i ambulanse.

Mistenker kamp mellom mann og kvinne
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. okt. 2021 08:46

Laurdag klokka 20.24 blei politiet kontakta av ambulansepersonell i samband med to skadde personar i Os sentrum.

– Ein mann og ei kvinne skal ha kome ut av ein leilegheit med skadar. Mannen blødde frå hovudet og nokon ringte ambulanse, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet rykte også ut til staden, og mistenker at det har vore ein slåskamp mellom dei to.

– Mannen blei køyrd til sjukehus i ambulanse, kvinna blei køyrd til legevakt for sjekk.

Kvinna skal ha sagt at mannen hadde slått ho, noko mannen nekta for. Begge framsto som full, og blodprøve viste høg promille.

Politiet gjorde undersøkingar i husværet dei hadde vore i, og har oppretta sak.

Ung mann i to slåstkampar

Klokka 02.30 natt til fredag blei ein mann i slutten av 20-åra tatt for å urinera oppetter terminalbygget i Os sentrum.

Eit kvarter seinare oppdaga patruljen to unge menn som slåst, men dei ga seg då dei oppdaga at politiet var i nærleiken, og påsto at dei var kameratar - at det heile var ein leik.

Dei to er 22 og 25 år gamle.

Den yngste av dei var også involvert i ein av dei to valdsepisodane i Os sentrum natt til søndag.

Ein mann blei slått ned utanfor Catten i natt. Gjerningspersonen sprang frå staden. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògSåg ut som om han trengte hjelp - i staden gjekk han til angrep

– Han sa då at han hadde blitt slått ned og at mistenkte hadde stukke av. Han ville ha hjelp til å finna vedkomande, i staden fekk han pålegg om å halda seg vekke frå Os sentrum resten av natta.

Ingen førarkortbeslag

Kvinna som blei påkøyrd på parkeringsplassen utanfor Jysk fredag, er i midten av 70-åra. Ho skal ha blødd frå hovudet, og blei køyrd til legevakt for sjekk.

Bak rattet på bilen som køyrde på kvinna sat ei anna kvinne, ei dame i 50-åra. Det blei ikkje tatt beslag i førarkortet hennar.

Fekk parkeringsbot to dagar på rad

Politiet delte natt til fredag ut fire parkringsgebyr på Halhjem ferjekai.

Natt til laurdag fann dei også ein bil parkert på fortau, ein av dei same som fekk gebyr natt til fredag, men då nokre meter unna på same fortau.

Kvart av gebyra er på 900 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.