Politi | 17. okt. 2021

Såg ut som om han trengte hjelp - i staden gjekk han til angrep

To valdsepisodar i Os sentrum natt til søndag.

Såg ut som om han trengte hjelp - i staden gjekk han til angrep
Ein mann blei slått ned utanfor Catten i natt. Gjerningspersonen sprang frå staden. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. okt. 2021 07:43

Rett over klokka 04 natt til søndag meldte ein forbipasserande om ein mann som låg strak ut i Brugata.

Då patruljen kom til staden viste det seg at han likevel var ganske kvikk.

– Det enda med ei forulemping av patruljen. Vedkomande blei køyrd til overnatting i arresten i Bergen, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Mannen viste heller ikkje ID, noko han også blir meldt for.

Mann slått ned - mistenkte nekta

Ein halvtime tidlegare på natta var det ein annan episode i Os sentrum.

– Vi fekk melding frå ein vakt på Catten Nightclub at ein person hadde blitt slått ned utanfor nattklubben.

Mistenkte hadde løpt frå staden. Politiet fekk eit namn, og kom etterkvart i kontakt med mannen.

– Mistenkte nekta for å ha vore involvert. Han var full og framsto som aggressiv, og fekk derfor pålegg om å halda seg vekke frå Os sentrum.

Både fornærma og mistenkte er i 20-åra. Det blir opp til fornærma å eventuelt melda mistenkte for episoden.

Også natt til laurdag skal det ha vore amper stemning på Osøyro, men då kom patruljen ifølgje Os & Fusaposten fram tidsnok til å avverga at det blei fysisk konfrontasjon.

I tillegg blei ein mann tatt for urinering oppetter ein husvegg, noko han blei meldt for.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.