Lokal | 27. apr. 2011

Risikerer streng straff

Det blir oppretta straffesak mot ungdomane som rissa over helleristingane i Vargavågen tysdag.

Risikerer streng straff
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. apr. 2011 06:01

Tysdag ettermiddag blei to ungdomar oppdaga medan dei rissa i klebersteinen der dei fleire tusen år gamle helleristingane er. Ein turgåar varsla politiet og to gutar på 15 og og 16 år innrømte å stå bak.

– Dei var veldig angrande, sa politibetjent Kenneth Rastad til Midtsiden.

Det blir stadfesta av foreldra til gutane.

– Dei har det tungt no. Dette er greie gutar som rett og slett ikkje forsto alvoret i det dei gjorde.

Blir straffesak

Ungdomane gjorde utover kvelden sitt beste med å prøva å vaska vekk spora etter rissinga. Med reint vatn kan du gjera såra i klebersteinen mindre synleg, også tidlegare skal det ha vore folk som har rissa inn tekst og figurar på staden.

– Dei meinte det såg bra ut etter ei stund, men no når det har tørka ser vi at det ikkje er som det skal, seier Rastad.

Juristen som var på vakt i går bestemte at fagpersonell skal kontaktast og at det skal opprettast straffesak mot dei to.

Brot på kulturvernloven har ei strafferamme på fengsel i ett år.

– Det er naturlegvis ikkje snakk om så streng straff i denne samanhengen, men det er tydeleg at saka blir sett på som alvorleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.