Røde Kors og kommunen har signert beredskapsavtale

Dei var først ute i 2015 og i forkjøpet med fornying i 2021.

Lars Atle Skorpen (t.h.) representerte den siste avtaleparten, Hordaland Røde Kors. (F.v. ordførar Trine Lindborg, Ivar Hellebø – Fusa Røde Kors, Atle Vågstøl – Os Røde Kors).
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. nov. 2021 16:13

Hordaland Røde Kors og lokallaga Fusa og Os Røde Kors inngjekk i dag ein beredskapsavtale med Bjørnafjorden kommune.

Ordførar Trine Lindborg nytta samtidig anledninga til å takka for det gode samarbeidet gjennom pandemien.

Erstattar avtalar med tidlegare kommunar

Til no har Røde Kors hatt avtalar med dei to gamle kommunane Fusa og Os. Hordaland Røde Kors tok i 2015 initiativet til å få alle kommunar i dåverande Hordaland fylke til å inngå beredskapsavtalar med Røde Kors.

Dei laga ein felles avtaletekst som alle kommunane kunne bruka, i tillegg til lokale vedlegg.

– Intensjonen med avtalane er å vera ein så god makker som mogleg for kommunane i beredskapsarbeid, fortel Lars Atle Skorpen, leiar i Hordaland Røde Kors.

Fusa og Os var dei første kommunane som signerte, 3. og 5. mars 2015.

Planen frå Hordaland Røde Kors si side var å fornya avtalane etter cirka 5 år og ha nye møte med alle kommunane i gamle Hordaland i 2020.

Det sette pandemien ein stoppar for. No er dette utsett til 2022 – men Bjørnafjorden kommune kom dei i forkjøpet.

Pkt. 1 i avtalen: Formålet med avtalen er å bidra til at Røde Kors sine lokale og regionale kapasitetar innan beredskapsarbeid (..) blir så gode, effektive og målretta som mogleg, og dermed bidrar til den kommunale beredskapsevna.

Godt pandemisamarbeid

Med utgangspunkt i dei gamle avtalane har kommunen hatt eit svært godt samarbeid med dei to lokallaga gjennom heile pandemien.

Os Røde Kors har mellom anna leigd ut lokalet sitt i Kolskogen til både koronalegevakt og teststasjon.

Begge lokallaga har gjort ein uvurderleg innsats i massevaksineringslokala heilt frå starten av vaksineringa og fram til no. Dei har òg tilbydd tenester som handlehjelp til koronaisolerte og ringevenn-teneste.

Både kommunen og Røde Kors meinte at det no var på tide at dei gamle avtalane med dei nedlagde kommunane vart erstatta av avtalar med Bjørnafjorden kommune.

Fredag møttest dei til samarbeidsmøte på rådhuset i Os: beredskapskontakt Atle Vågstøl og leiar Anne Mari Berge frå Os Røde Kors, beredskapskontakt Ivar Helebø og kasserar Viggo Furubotn frå Fusa Røde Kors, leiar Lars Atle Skorpen frå Hordaland Røde Kors, ordførar Trine Lindborg, kommunedirektør Christian F. Fotland og beredskapskontakt Ella Marie Brekke Vangsnes frå Bjørnafjorden kommune.

F.v. Fotland, Hellebø, Lindborg, Furubotn, Vågstøl, Berge og Skorpen. Foto (og møtedeltakar): beredskapskontakt Ella Marie Brekke Vangsnes.

Takk til Røde Kors-laga!

Ordføraren nytta høvet til å skryta av Røde Kors-laga: – De har gjort ein formidabel jobb! Vi har stor respekt for innsatsen de har lagt ned, og vi er veldig takknemlege!

Røde Kors på si side kvitterte med å rosa helsepersonellet på begge sider av fjorden. ­– Eg forstår ikkje kor dei hentar kreftene frå - dei har utsett feriar og står på til siste slutt. Vi har hatt eit fantastisk samarbeid! sa beredskapskontaktane i Fusa og Os Røde Kors, Ivar Hellebø og Atle Vågstøl.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.