Næringsliv | 30. juli 2019

Rolege dagar på Kuven

Kuven Farm Camping kan ikkje melda om storinnrykk av feriegjestar i sommar, men nokre har allereie sikra seg plass under Osfest.

Rolege dagar på Kuven
Kuven Farm Camping fortel om nokre gjestar, men ein elles stille sesong til no. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightysdag 30. juli 2019 15:33

Bildeserie:

Denne gjengen var dei einaste vi traff på då vi tok turen innom tidlegare i dag. (Foto: KOG)
Denne gjengen var dei einaste vi traff på då vi tok turen innom tidlegare i dag. (Foto: KOG)
Idyll. (Foto: KOG)
Idyll. (Foto: KOG)
Inger Botnevik fortel om nøgde gjestar. (Foto: KOG)
Inger Botnevik fortel om nøgde gjestar. (Foto: KOG)
Som får mykje utsikt og fjell under opphaldet. (Foto: KOG)
Som får mykje utsikt og fjell under opphaldet. (Foto: KOG)
Kuven Farm Camping starta opp i 2009. (Foto: KOG)
Kuven Farm Camping starta opp i 2009. (Foto: KOG)
1 av 5

I 2009 starta Inger Botnevik opp ein liten campingplass heime på garden på Kuven.

Eit søk i arkivet syner at det har vore varierande besøk på den særs idylliske campingplassen rett utanfor Os sentrum. I 2015 var det fleire som budde der under Osfest, mens i fjor opplevde Bonevik ingen gjestar i mai og juni månad.

– Vi hadde ingen overnattingar verken i mai eller i juni. Eg måtte inn på ulike turistsider og sjå om det var noko på nettet som gjorde at folk styrte unna oss, fortalde Inger då.

Ein og annan gjest til no

Når Midtsiden svinga innom på besøk tidlegare i dag, fann vi ikkje anna teikn til liv enn ein flokk med kyr som var opptekne med sitt.

Ein kjapp telefon til Inger løyser mysteriet;

– Nei, her er det stille dagar, så nett no er eg på stranda og solar meg, fortel ei lattermild Inger. Og det same gjorde eg i går òg, legg ho raskt til.

Men Inger er like rask med å understreka at, sjølv om det ikkje er travle dagar på den vetle campen, har det vore ein og annan gjest innom.

– Vi har hatt nokre syklistar innom på besøk, og vi fekk òg besøk av nokre telturistar som fann ut at det ikkje var lov med telt på den nye bubil-parkeringa i sentrum. Ein plakat eg hadde hengt opp der nede leia dei opp hit til oss.

Innrykk til Osfest?

Inger fortel om gode tilbakemeldingar frå gjestane som har vore innom;

– Det er ikkje mange som kan slå oss på utsikt - dei fleste vert ekstra nøgde når dei får sjå Borgafjellet, Møsnuken og ikkje minst Folgefonna, alt frå campingplassen!

– Kuven Farm Camping er som tidlegare år, offisiell festival-camp under Osfest, har du fått nokre bestillingar til årets festival?

– Ja, vi har fått inn eitt par bestillingar allereie, men det er framleis plass til fleire her på tunet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.