Fotball | 03. nov. 2022

Runda av serien med rundens mål

Linnea Sælen sikra seg toppskårarstatus på Arna-Bjørnar med dette fine skotet.

Runda av serien med rundens mål
Linne rett før ho fyrer av i det som blei rundens mål. (Skjermbilde: Rundens Mål/Toppserien/Youtube)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. nov. 2022 14:07

Søndag avslutta Arna-Bjørnar serien med bortekamp mot botnlaget Kolbotn.

Topp 4-laga kjempa i haust i eigen serie, mens Arna-Bjørnar leia blant dei 8 andre.

Med 3-1-tap borte enda AB på 2. plass på tabellen for grunnserien.

Linnea Sælen (16) frå Søfteland skåra AB sitt einaste mål då ho reduserte til 2-1 på eit fint skot, pressa av tre motsspelarar.

No er skåringa hennar kåra til rundens mål:

Dette var Sælen sitt andre «rundens mål» i år. Og i karriera.

Toppskårar i debutsesongen

Ho skåra 7 mål på 3 kampar for Arna-Bjørnar 2 før ho blei fast å sjå i Toppserien.

Skåringa i serieavsluttinga var hennar femte i Toppserien, og ho blei med det Arna-Bjørnar sin toppskårar saman med Linnéa Laupstad.

Begge skåra 2 før sommaren og 3 i haust.

NM-finale neste

Midtsiden har foreløpig ikkje lykkast med å nå den travle fotballjenta på telefon.

Førre veke var ho med på å vinna 0-1 borte over vertsnasjonen Ungarn i EM-kvalifisering.

Serien er over, men ikkje sesongen.

Laurdag 12. november speler Linnea og Arna-Bjørnar jenter 16 finale i NM fmot Stabæk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.