Nybakte noregsmeistrar, Reidar Rundsveen og Daniel Skaathun vann lag-NM i snooker.

Rundsveen og Skaathun vann gull i lag-NM

Os stilte med fire lag i lag-NM i snooker og tok både 1. og 3. plass.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I helga blei lag-NM i snooker arrangert i Os Biljard & Snooker klubb.

11 lag stilte, blant anna tilreisande deltakarar frå Stord, Trondheim og Oslo.

– NM-vinnarane frå 2015 og 2014 deltok, det same gjorde laget som kom på 2. plass i fjor, fortel Reidar Rundsveen frå arrangørklubben.

Vann gull og bronse

Os stilte med fire lag, to av dei tok medalje.

Reidar Rundsveen og Daniel Skaathun utgjorde Os 1 og tok 1. plass.

Jan Helge Kordts og Tore E. Moberg på Os 3 tok 3. plass. Nassim Sekat og Erik Dullerud frå Trondheim, som vann i 2014, fekk delt 3. plass med Os 3.

Reidar tok bronse i lag-NM i fjor, men då saman med Trond Johan Eeg Nielsen frå Hop, som i år delte ut premiar.

– Finalen kunne ikkje vore tettare

Daniel og Reidar spelte fint og hadde god kontroll heilt fram til finalen.

– Vi hadde blant anna ein rekordserie på 86 poeng, fortel Reidar.

I innleiande rundar er det best av 3, frå kvartfinale er det best av 5 spel.

I finalen, som gjekk mot Christopher Watts og Edwin Ingebrigtsen frå Oslo, sto det 2-2, også siste kamp blei jamn.

Bordet var renska for kuler, berre den svarte låg igjen, og den blei avgjerande. Os fekk ballen i holet og tittelen i boks.

Snart sesongslutt

Det siste som skjer i årets sesong er noregscup i Sarpsborg i november.

Os har arrangert fleire større stemne denne sesongen, men veit førebels ikkje kva dei blir tildelt i 2017.

– Det sportslege nivået i Os har løfta seg etter at vi fekk ny salong, men vi har framleis plass til fleire medlemmar, anten dei vil spela biljard eller snooker, seier Rundsveen.

 

 

Fleire saker