Motor | 15. juli 2022

Ruta til årets Bergen Poker Run er klar

Liknar litt på den i fjor.

Ruta til årets Bergen Poker Run er klar
Mange skodelystne kom til bryggekanten då Poker Run i fjor, for første gong, var innom Os hamn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 15. juli 2022 13:12

Bergen Poker Run har ofte vore innom Os-skjergarden, men i ytre strøk og innom Bunnpris Vedholmen og, nokre år, innom Skeisosen.

I fjor fekk dei ekstra godt publikum, då ruta for første gong gjekk innom Os hamn.

Les ògDei lokale, dei raske, dei morosame

I år blir Bergen Poker Run arrangert laurdag 20. august.

– Ruta går sør for Bergen i år òg, stadfestar medarrangør og deltakar Anders Arefjord frå Os.

– Vi skal innom Vedholmen Landhandel, men det blir ikkje Os hamn denne gong.

I staden går turen vidare frå Bunnpris i Øyane til lunsj på Mandelhuset i Våge hamn på Tysnes.

Seinare er det middag på Zachen i Bergen.

Vurderer du å delta? Dette er nokre av kriteria:

  • Båten må kunna køyra raskare enn 35 knop
  • Båten må bera preg av å vera powerboat
  • Båten må vera i teknisk god stand

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.