Kultur | 04. mars 2024

«Ryddar» plass til fleire UKM-deltakarar

– Gledeleg mange påmeldte, men vi utvider fristen, seier Mathilde Nonås.

«Ryddar» plass til fleire UKM-deltakarar
Leiar i Bjørnafjorden ungdomsråd, Mathilde Nonås, håper endå fleire vil delta laurdag 16. mars. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mars 2024 21:26

I år, fem år etter førre UKM i Bjørnafjorden, blir det framføring i sal og scene igjen - og på vegg - for dei som liker å teikna.

– Folk kan stilla med det dei liker eller er gode på, om det er baking, dans, form eller farge, seier leiar for ungdomsrådet, Mathilde Nonås.

Årets UKM går av stabelen i Os Aktiv laurdag 16. mars (vi skreiv først desember, som er feil, og no retta, og vi ønsker samtidig alle god jul og god natt).

Påmeldingsfristen var i utgangspunktet fredag 1. mars, altså på tampen av vinterferien.

– Vi har 25 påmeldte til no, og nokre av dei er nok med på fleire innslag. På kort varsel, fem år sidan sist, synest eg dette var overraskande mange.

Men det er plass til fleire.

– Derfor har vi utvida fristen til og med førstkomande fredag. Dei som melder seg på fredag kveld innan midnatt er med!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.