Politi | 16. mai 2021

Rykte ut etter slåstkamp mellom mann og kvinne

I tillegg har to fulle russ fått hjelp, og nokre ungar funne på taket på Halhjem barneskule.

Rykte ut etter slåstkamp mellom mann og kvinne
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. mai 2021 08:29

Politiet rykte i 01.20-tida ut til ein privat adresse etter melding om ein valdsepisode.

– Ein mann og ei kvinne skal ha slåst. Partane kjenner kvarandre frå før, men er ikkje eit par, opplyser operasjkonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Ingen av dei skal ha hatt behov for lege etter episoden, det var heller ingen som blei arrestert.

– Men vi har oppretta sak.

Russ fekk hjelp av ambulanse

Tidlegare på natta, i 00.20-tida, oppdaga politiet to fulle russ i krysset mellom Byvegen og Idrettsvegen.

– Den eine gjekk og sjangla i vegbanen, den andre låg i eit busskur og søv.

– Begge framsto som svært fulle. Vi fekk den eine opp på fortauet, den andre fekk hjelp av ambulansepersonell.

Såg etter hærverk på Halhjem - såg ungdom på taket

Laurdag morgon fortalte Bjørnafjorden lensmannskontor om nok eit tilfelle av hærverk på Halhjem barneskule - for tredje helga på rad.

I 20.20-tida var politiet utom med ein patrulje, og då var det ungar eller ungdomar på taket på skulen.

– Patruljen fekk ein prat med dei, og notert namn. Dei skal ikkje ha erkjent å ha utført noko hærverk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.