... så kom veslebror
Osingane er raske med å nyta finvêret - så lenge freden og finvêret varer.
Årets julimånad - heimeferien etter ein lang og einsam koronavår - ligg an til å bli den kaldaste og våtaste i Sør-Noreg på fleire tiår.
Men juli blir i dag avslutta med sol og over 20 gradar, noko fleire tydelegvis var klar for.
I Os hamn er det foreløpig roleg med båtar inn og ut, «ungdomsbrygga» ved Os Sjøfront blir kanskje fylt seinare i dag og på stupebrettet i Vikjo var det éin ung atlet i sving.
Badebrygga er som kjent fjerna av BOF etter at fleire badebrygger andre stadar i landet blei velta i juni.
På Oseana Kafé & Restaurant sit det lunsjgjestar ved fleire bord, og i fjøra i Mobergsvikjo er fleire småbarnsforeldre allereie på plass.
Knut tok det roleg på ei flytemadrass i Mobergsvikjo, mens veslebror Lars var klar for å kjøla ned både seg sjølv og broren.
Det tok Knut med eit smil.
– Dei liker å bada begge to. Det er klart vi måtte ned her då det endeleg var meldt nokre timar med fint vêr, seier mamma.
Finvêret skal halda seg til midt på dagen laurdag. Så er det venta regn til og med tysdag, før ein ny godvêrperiode ser ut til å vera på veg.