Lokal | 21. mars 2021

Sa nei til regionale tiltak

Utbrotet på Askøy får førebels ikkje konsekvens for reglane i Bjørnafjorden kommune.

Sa nei til regionale tiltak
Christian F. Fotland, her saman med ordførar Trine Lindborg, vil foreløpig ikkje ha skjerpa tiltak i Bjørnafjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. mars 2021 14:04

Tidlegare i dag hadde leiinga i ti kommunar rundt Askøy, inkludert Bjørnafjorden og Bergen, møte med FHI, Statsforvalteren, Helsedirektoratet, Vestland fylkeskommune og ulike helseforetak for å diskutera innføringa av regionale tiltak i samband med stort smittetrykk i Askøy.

– Kva tiltak blei diskutert?

–For vår del ville det nok vore lokale, skjerpa tiltak i kategori 5 c, som ikkje inkluderer stenging av butikkar, men blant anna stengte treningssentre og færre samla sosialt, seier kommunedirektør Christian F. Fotland til Midtsiden.

Bjørnafjorden kommune har tidlegare i vinter vore på både kategori 5 B og 5 D.

No er det klart at situasjonen på Askøy det foreløpig ikkje påverkar Bjørnafjorden kommune.

– Konklusjonen frå møtet er at vi ikkje tilrår ei nasjonal eller felles regional forskrift per no.

I karantene grunna utbrotet på Askøy

Men smittevegen mellom Askøy og Bjørnafjorden kan vera kort.

– Vi har innbyggarar i vår kommune som er i karantene grunna utbrotet frå bedehusmiljøet på Askøy, så det gjeld å vera varsam framover.

– Det er godt samarbeid i regionen, og det var semje i møtet at vi skal halda tett kontakt vidare utover i veka då den britiske muntanten av covid-19-viruset er særs smittsamt, og at situasjonen difor kan utvikla seg raskt.

Foreløpig er det planlagt nytt møte mellom kommunane onsdag, men det vil fort bli framskynda om situasjonen forverrer seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.