Lokal | 29. feb. 2016

Så var det priskrig igjen

I dag kostar dieselen i Os under 10 kroner literen.

Så var det priskrig igjen
Det var lang kø på UnoX i dag. Også i sentrum er prisane svært låge. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. feb. 2016 08:07

Denne helga blei det starta nok ein priskrig mellom bensisnstasjonane i og rundt Os sentrum.

– Det starta varsamt laurdag, men det var først søndag det skaut fart, seier Sonja Tveit ved Best-stasjonen.

Prisane blei nedjustert ei rekke gongar i går.

– Også i dag har det vore nye knepp ned, vi har justert prisane minst to gongar måndag.

Ein liter diesel kostar no 9,40 kroner literen på UnoX og 9,50 ved Best, Statoil og Esso. Bensinen ligg på 10,90 og 11,00 kroner per liter.

Siste helga i februar - tre år på rad

Når vi ser tilbake på tidlegare omtale av priskrig på drivstoff i Os ser vi ein gjengangar.

Både i 2015 og 2014 var det priskrig dei siste dagane i februar.

Kva som er årsak til at det av og til tar av, eller om det er samanheng mellom desse februar-krigane, er uvisst. Men det kan ha samanheng med at det normalt er vinterferie på denne tida. Også tampen av påskeferien er ofte trigger på priskrig.

– Det er alltid kjekt nå prisane blir så låge, det blir stor trafikk på stasjonen og kundane er i ekstra godt humør. Med våre rabattordningar på kort og direkte på bankkort så har vi no dei lågaste prisane i Os, seier Sonja Tveit.

Kor lenge kjem priskrigen til å vara? Midtsiden har grunn til å tru at den er ferdig i løpet av dagen i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.