Såg hjort med knekt fot (blodig bilde)
Gjekk på tre bein i retning Fana.

Politiet fekk i 12.20-tida måndag melding om observasjon av ein hjort som såg ut til å ha knekt den eine foten.
– Hjorten blei sett ved Lysekloster-ruinane. Den gjekk retning Fana, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Viltkontakt i ettersøksringen blei varsla.
Det er uvisst om dette er same dyr som blei påkøyrd ved Liafjellstunnelen for to veker sidan. Då var det søk etter ein stor kronhjort som gjekk på tre bein.

Hjorten blei funnen, men ettersøkspersonell lykkast ikkje med å avliva den.
– Vi er avhengig av nye observasjonar, sa Espen K. Andersen etter søket.
OPPDATERT:
Hjorten blei funnen og avliva.
– Hjorten var hardt skadd i det eine frambeinet, fortel Espen Krüger Andersen.
Den skadde hjorten var ei kolle, og er altså ikkje den same kronhjorten som stakk frå staden på tre bein etter påkøyrsle på Moberg for to veker sidan.
– Den vi avliva no har truleg også blitt påkøyrd i nærleiken for kort tid sidan, men det har ikkje kome meldingar om påkøyrd hjort i dette området den siste tida.

Fartsfantom fekk tilsnakk
Måndag i 15-tida fekk politiet melding frå ein bilist på Stord som køyrde retning Sandvikvåg for å ta ferje til Halhjem.
– Vedkomande hadde blitt forbikøyrd av ein bil som køyrde svært fort. Også denne skulle med ferja.
Politiet stoppa bilen då den køyrda i land på Halhjem.
– Bilførar er i 20-åra, han hadde med seg ein passasjer i slutten av tenåra. Vedkomande blåste til null promille og fekk tilsnakk før han fekk køyra vidare.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.