Politi | 02. nov. 2021

Stor kronhjort halta til skogs

Blei påkøyrd mellom Mobergsbrua og Liafjellstunnelen.

Dette området har tidlegare vore utsett for kryssande hjort. Måndag kveld blei sin stor bukk påkøyrd. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. nov. 2021 09:44

Politiet fortel om nok ein påkøyrd hjort, denne gong på E39 i eit område som tidlegare var ganske utsett for kryssande dyr.

– Hjorten blei påkøyrd i 80-sona mellom Mobergsbrua og Liafjellstunnelen. Det skjedde i 20.15-tida måndag kveld, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Ingen personar blei skadde. Den store kronhjorten halta frå staden.

Viltkontakt blei varsla for ettersøk.

– Vi fann hjorten igjen, men klarte ikkje å fella den, seier viltkontakt Espen K. Andersen.

– Vi treng ny observasjon for å starta nytt søk. Hjorten går truleg på tre bein. Grunneigar er varsla.

Fann hund med sele på Røykenes

Litt tidlegare på kvelden, i 20-tida, fekk politiet melding om funn av hund på Røykenes.

– Hunden hadde både halsband og sele på seg. Vi hjelpte til med å finna eigar.

Seinare på kvelden kontrollerte patruljen to bilar.

Ein mann i 20-åra fekk pålegg om å utbetra bilen etter å ha blitt stoppa i Industrivegen. Bilen hadde senkesett, slitt dekk og dårleg vindusviskar.

Ei jente i slutten av tenåra blei stoppa i bil på Hegglandsdalsvegen. Ho hadde manglande køyrelys, som ho fekk pålegg om å utbetra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.