Politi | 10. juni 2025

Saknar du hagemøblane dine?

Friluftsråd fekk trasig melding tysdag morgon.

Saknar du hagemøblane dine?
DUMPA: Bergen og Omland friluftsråd håpar eigaren av hagemøblane vil rydda etter seg. Foto: BOF
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 10. juni 2025 12:12

Smievågen er eit populært friuftsområde med lett tilkomst for alle aldrar.

Bergen og Omland friluftsråd, som har ansvar for å halda området triveleg, fekk ei trasig melding tysdag morgon.

– Nokon har dumpa hagemøblane sine i området, fortel friluftskonsulent Jannecke Eeg Olsen.

Hagemøblane blei oppdaga på måndag på tilsyn. Foto: BOF
Hagemøblane blei oppdaga på måndag på tilsyn. Foto: BOF

Olsen fortel at det generelt er ei utfordring at folk dumpar ting på friluftsområde, men på sommaren så aukar trenden.

– Vi opplever at folk sett frå seg alt mogleg, både på området og der vi har konteinarar.

Ikkje uvanleg

Olsen fortel at det dessverre er vanleg å finna dumpa gjenstandar, og at dei sjeldan blir overraska når slike meldingar kjem inn.

– Dette er første gong eg har høyrd om hagemøblar, men eg har vore med å funne kjøkken, sofaer, madrasser og bildekk.

Ho håpar at dei som har sett frå seg hagemøblane sine vil henta dei.

– I staden for å bruka tid på å køyra det ned til friluftsområde, så vil eg tru det er mindre jobb å køyra til miljøstasjonar.


Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.