Brann og beredskap | 19. jan. 2022

Saknar utstyr etter øving

Høg aktivitet utanfor Øyane og Strøno i kveld.

Saknar utstyr etter øving
Redningsskøyta Bjarne Kyrkjebø har øvd med KV Bergen i kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. jan. 2022 21:34

Redningsskøyta Bjarne Kyrjebø og Kystvakten med KV Bergen har vore i fjorden i kveld.

Dei siste timane har aktiviteten vore høg utanfor Øyane og Strøno, og Midtsiden-redaksjonen har fått spørsmål om kvifor.

Redningsselskapet og Kystvakten har drive med øving, men fekk så eit reelt oppdrag med søk etter eige utstyr.

– I samband med øvinga så saknar vi to markeringsdukker, fortel Hovedredningssentralen.

Både Bjarne Kyrkjebø og KV Bergen er no på veg nordover. Dei var utanfor Trollsøya på Austevoll-sida av fjorden då dei mista dukkene.

– Dei er ikledd oransje kjeledressar merkte med «KV Bergen». Kontakt gjerne Hovedredningssentralen eller politiet om du finn dei, er oppmodinga.

KV Bergen var lengre inne i fjorden i dag, noko som ikkje hadde samband med cruiseskipet som blei slept rundt i Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.