Næringsliv | 24. aug. 2022

Samba Marin sin første hybrid

Har bestilt katamaran frå nystarta Progreen AS.

Samba Marin sin første hybrid
Nystarta Progreen sin første P24C går til SambaMarin. (Ill.: Progreen AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. aug. 2022 07:39

Samba Marin har har bestilt nok ein ny båt, denne gong ein katamaran med både motor frå Scania og batteripakke frå Corvus.

Dette er sleksapet sin første arbeidsbåt med hybrid motor.

– Vi hadde behov for ein ny servicebåt, og kom i kontakt med Progreen, som allereie hadde ein under bygging.

– Båten viste seg å passa godt til vårt behov, og etter å ha vore på synfaring på verftet var vi trygge på at dette var rett val, seier dagleg leiar Eirik Haugland.

Samba Marin har ein flåte med åtte arbeidsbåtar.

Styret har vedtatt å styrka sin grøne profil. Samba Marin har vore ISO-sertifisert i fleire år, i 2021 blei dei også sertifisert i tråd med miljøstandarden ISO 14001.

– Vi ser fram til å få levert ein moderne, fleksibel og miljøvenleg båt. Denne kan nyttast i ei rekkje av våre operasjonar, seier Haugland.

Takkar for tilliten

Båten er ein 24 meter hybrid katamaran av typen P24C frå Progreen.

Bak Progreen står skipsdesignselskapa Heimli Ship Design og Salt Ship Design.

– Vi er svært takksame for tilliten Samba Marin har vist oss, og ser fram til å kunna levera eit fartøy vi er trygge på vil dekka behova deira, seier Åsmund Sørfonn, salsleiar i Progreen.

Båten, som er den første som blir levert frå det nystarta selskapet, skal leverast allereie i 4. kvartal i år.

Spesifikasjonar

Dimensjonar: lengde 24,3m x bredde 13,2m
Design: Progreen
Motor: Scania
Gir/propell: Heimdal
Kraner: Palfinger
Vinsjer: MB Hydraulikk
Batteripakke: Corvus
Framdriftssystem: Smart Automation

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.