Samba Marin styrkar flåten og gjer det sterkt i Skottland

Har kjøpt MF Flekkerøy og bestilt ny katamaran.

Samba Marin kjenner MS «Flekkerøy» godt frå før. (Foto: Samba Marin)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. okt. 2020 13:52

Samba Marin AS er i stadig aukande grad ein totalleverandør, og driv med alt frå slep, berging og transport til ankerhandtering, avlusing, riggsupport og ROV- og dykkartenester.

Mengda tilsette har auka jamt, og tel no ein mannskap på 57.

Flåten er no oppe i 10 båtar og 7 ROV-ar.

Kjøpte storebror til MS «Samba»

Samba Marin har nyleg kjøpt MS «Flekkerøy» av M. Hjorteseth Shipping i Bergen. Båten blir den tiande i flåten, og gir reieriet ein dobla kapasitet innan arbeidsferjer.

– Den liknar den første båten vår, MS «Samba», men er ti meter lengre, seier dagleg leiar Eirik Haugland.

Eirik Haugland då kaien var nyutvida i januar 2019. (Foto: KVB)

No har selskapet både «Samba» og «Flekkerøy», to arbeidsferjer som kan ta lastebilar om bord, og dermed kan brukast til både betongbilar, dykking og transport av lastebilar med leppefisk, som dermed unngår mellomlasting på veg til oppdrettsmerdane.

Samba Marin kjenner «Flekkerøy» godt frå før, då dei fleire gongar har leigd inn båten.

– Så no blir den omdøypt til Fox Flekkerøy?

– Nei, vi har ingen umiddelbare planar om å gi Fox-namnet også til denne, men det er godt mogleg at vi maler den i same svartfarge som dei andre båtane våre.

Om MS «Flekkerøy»
Byggeår: 1955/2014
Lengde: 41,6 m
Breidde: 10,3 m
Djupne: 2,8 m
Brutto tonnasje 328 tonn
Lugarkapasitet: 12 mann
Govudmotor: Baudouin 12 1000 hk
Maksfart: 12 knop
Marsjfart: 10 knop

Får ny dykkar-katamaran levert før jul

Rundt førre årsskifte bestilte Samba Marin ny båt av Mundal Båt på Radøy.

Denne blir rigga for dykking og ROV og skal rett inn i kontrakt for Lerøy Sjøtroll.

– Mengda dykkaroppdrag har auka. Vi har no to dykkarteam, der det eine går fast på kontrakt.

Nybygget frå Radøy blir bygd i glasfiber og får ein marsjfart på 15 knop. Båten skal bli levert før jul.

Denne katamaren skal vera ferdigbygd på Radøy før jul. (Skisse: Maritime Engineering)

FARTØYDATA: Bygg nr. 96, Mundal Båt
Loa: 14,99 m
Bredde: 9,60 m
Dybde i riss: 3,60 m

Sendte MX «Fox Challenger» på nye utfordringar i Skottland

Mens mesteparten av Samba-flåten har hatt travle dagar i norsk fartvatn, har MS «Fox Challanger», som Samba Marin fekk som fjerde båt i 2016, vore i Western Isles i Skottland sidan mai.

– Den går på seksmånadarskontrakt på avlusing med nytt SFI-anlegg. Vi er første i Noreg med denne forma for avlusingsanlegg.

Spyling av lus utan oppvarming av vatnet har vore gjort i Chile og Færøyane før, og kan bli meir aktuelt når det kjem begrensingar på bruk av varmt vatn i Noreg.

– Det var meiniinga av Challenger skulle koma heim til nyttår, men dei er nøgde i Skottland, og har antyda at dei vil ha oss der vidare, så vi får sjå, seier Haugland.

Fox Challenger har vore i Skottland sidan mai. Her då den kom til kai på Amundsneset i 2016. (Foto: KVB)


Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.