Politi | 10. apr. 2023

Sat bak rattet med svært høg promille

Politiet reknar med at vedkomande hadde plan om å køyra bilen.

Sat bak rattet med svært høg promille
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. apr. 2023 08:40

Rett før klokka 04 natt til søndag blei ein bilist kontrollert i Os sentrum.

– Bilførar, ein mann i 20-åra, blåste til langt over lovleg verdi i forhold til alkohol, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Bilen sto i ro, men motoren var i gang.

– Også øvrig informasjon på staden tilsa at han hadde plan om å køyra bilen.

Bilførar blei tatt med for blodprøvetaking. Han er meldt for forsøk på køyring i rus, og det er tatt midlertidig beslag i førarretten.

To avskiltingar

I løpet av laurdag og søndag har politiet funne fleire tekniske manglar på bilar dei har kontrollert i og utanfor Os sentrum.

To av dei blei avskilta grunna manglande EU-godkjenning, éin hadde lysfeil og ulovleg seinkesett, og må visa bilen for vegvesenet.

Ein siste bilførar slapp unna med muntleg beskjed om å utbetra mangel eller feil på lys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.