Kultur | 07. apr. 2024

Sebastian Vinsent Natvik (20) er ny leiar i Norsk Målungdom

Han har sjølv erfart korleis det er å vera ein av få nynorskelevar i klassen.

Sebastian Vinsent Natvik (20) er ny leiar i Norsk Målungdom
– I arbeidet med opplæringslova må me få på plass eit krav om at alle digitale læremiddel skal vera tilgjengeleg på nynorsk, seier Natvik. (Foto: Maren Braut, Norsk Målungdom)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. apr. 2024 12:55

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver i Vestland vart i dag vald til ny leiar i Norsk Målungdom på organisasjonen sitt landsmøte på Vinstra.

Natvik har bakgrunn frå lokallaget Katten Målungdom på Bergen Katedralskule.

Han har òg site i landsstyret og sentralstyret før han no tek fatt på leiarvervet.

Borgafjellet skule. (Foto: Ørjan Håland)
Les ògBjørnafjorden går mot nynorsk-straumen

– Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og ser fram til å kjempa for nynorsk og dialektmangfald på fulltid, seier den nyvalde leiaren.

– Dei viktigaste sakene Norsk Målungdom det neste året vil definitivt vera arbeidet med nynorsk i skulen og nynorsk i ein digital kvardag. I arbeidet med den komande opplæringslova må me få på plass eit heilheitleg krav om at alle digitale læremiddel skal vera tilgjengelege på nynorsk.

Nyvalt leiar saman med annan målungdom. (Foto: Maren Braut, Norsk Målungdom)
Nyvalt leiar saman med annan målungdom. (Foto: Maren Braut, Norsk Målungdom)

Han har sjølv erfart korleis det er å vere ein av få nynorskelevar i klassen.

– Då eg gjekk på vidaregåande i Bergen fekk eg ikkje lærebøker eller digitale læremiddel på språket mitt. Kvart år opplever nynorskelevar over heile landet det same som eg gjorde.

– Er det slik at vi er 2. rangs berre fordi vi skriv nynorsk? Er det rettferdig at me nynorskelevar i fleire tilfelle må gå månadsvis utan lærebøker på språket vårt? spør Natvik retorisk.

Resten av det nyvalde sentralstyret ser sånn ut:

Leiar - Sebastian Natvik, 20 år frå Alver i Vestland
1. nestleiar - Synne Solberg, 22 år frå Sør-Fron i Innlandet
2. nestleiar - Janne Urkegjerde, 19 år frå Stranda i Møre og Romsdal
Styremedlem - Johannes Rønning, 22 år frå Ørland i Trøndelag
Styremedlem - Ann-Mari Ruste, 20 år frå Dovre i Innlandet

1. vara - Sabina Fosse Hansen, 24 år frå Alver i Vestland
2. vara - Endre Helland Gujord, 18 år frå Bergen i Vestland
3. vara - Sylvelin Bækken Toft, 19 år frå Alver i Vestland

Ny leiar og nytt sentralstyre trer først i kraft 1. juli 2024.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.