Politi | 17. okt. 2022

Selde blomar - skal ha stole pengar frå to bebuarar

Skal ha seld til inntekt for born i Ukraina.

Selde blomar - skal ha stole pengar frå to bebuarar
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. okt. 2022 09:31

Fredag kveld klokka 19.43 fekk politiet melding om ein seljar som skal ha tatt pengar frå minst éin bebuar ved ein institusjon.

– Vedkomande skal ha selt blomar til inntekt for Ukraina, men tok pengar frå bebuar, opplyser politioverbetjent Knut Magnus Fjeld.

Vedkomande bur på ein institusjon.

– Det ser ut som om det skal vera tatt pengar frå to personar frå same institusjon. Vedkomande har fått beskjed om å melda tjuverie, om dei ønskjer det.

– Har de fått melding om tilvarande tjuveri andre stadar, eller klage på vedkomande seljar?

– Ikkje som eg kjenner til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.